Hopp til innhold

Slagsmål på bussen

Ein mann i 20-åra måtte få legehjelp, etter at han vart slegen til på bussen mellom Sogndal og Leikanger natt til sundag.

– Politiet fekk melding om hendinga klokka, 02:38, og det var den fornærma som sjølv varsla politiet om det som hadde hendt, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Vest Politidistrikt i Florø.

Politiet kan ikkje seie noko om kva som har utløyst konflikten eller kva skadar der er snakk.

– Vi kjenner identiten til den som har slått, seier Rimmen.

Tidlegare på natta var det også slagsmål i Sogndal. To menn på høvesvis 25 og 30 år hadde barka saman.

– Då politiet kom til staden stakk den fornærma frå staden, den andre vart vist bort, seier Rimmen.

I Lærdal kontrollerte politiet 11 køyretøy utan at det enda i noko reaksjonar.