Skulle sjå på solnedgangen – måtte hentast av helikopter

Den 17 år gamle eleven kom bort frå turfølgjet og enda med å klamre seg til eit tre i det ulendte terrenget då han måtte bergast av helikopter.

Førde

TURMÅLET: Viefjellet er eit populært turmål i Førde som blant anna kan by på flotte solnedgangen på fine sommardagar.

Foto: Asle Veien / NRK

Guten var i følgje med ei gruppe elevar frå Litauen som for tida er på skuletur i Førde. Gruppa hadde vore på Viefjellet tysdag kveld for å sjå på solnedgangen, då 17-åringen på grunn av ei mistyding vart verande igjen åleine på fjellet då dei andre gjekk ned att.

Det 709 meter høge Viefjellet er eit av dei mest populære turmåla i Førde. Det går fleire stiar til toppen, men fjellsida som vender mot sentrum er svært bratt og terrenget her er ulendt om ein kjem bort frå stien.

Klamra seg til tre

Det resulterte i at 17-åringen ikkje fann vegen på eigahand, og klokka 02.55 i natt hadde han ikkje anna val enn å ringje naudnummeret.

Dag Olav Sætre

POLITI: Operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Vi vart kontakta av ein person som sa at han hadde gått seg fast på eit fjell i nærleiken av Førde. Han var ikkje sikker på kvar han var, så vi måtte drive litt etterforsking her på operasjonssentralen før vi klarte å finne ut at det var på Viefjellet han var. Då kalla vi ut eit redningshelikopter frå Florø som etter ei stund klarte å finne mannen. Vi fann han ved hjelp av at han bruke lyset på mobiltelefonen og fekk varsla han på den måten, fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til NRK.

– Då helikopteret fann han, hang han og klamra seg fast i eit tre i ganske ulendt terreng. Han måtte difor heisast ut frå staden av redningsmannskapa på helikopteret, forklarar Sætre.

Brotskadar

– Korleis var tilstanden hans då de fann han?

– Mannen var for så vidt ved godt mot, men han har mest truleg nokre brotskadar i ei hand, og han vart køyrd til lege for undersøking.

Sætre seier at dei no vil prøve å få tak i lærarane som følgjer gruppa for å ta ein prat med dei. Utover det reknar han ikkje med at saka vil få noko etterspel.