NRK Meny
Normal

Skuldingar om gift i ølen utløyste knivstikking

Mistanke om gift i ølen utløyste knivstikkinga i Høyanger i fjor. No er ein irakisk statsborgar i 30-åra dømd til fengsel i ni månader.

Knivstikking i Høyanger

KRANGEL: Asylsøkjaren som i fjor knivstakk ein annan i Høyanger, har vore varetektsfengsla sidan hendinga fann stad.

Foto: Arve Ullebø

Mannen må også betale over 60.000 kroner i erstatning til asylsøkjaren i 20-åra som han påførte fleire skadar med kniv og barberhøvel.

Meinte seg forgifta

Knivstikkinga hadde sin bakgrunn fire dagar i førevegen. Den no dømde mannen meinte at nokon hadde gift eller bedøvingsmiddel i ølen hans, slik at han sovna.

Han meinte at bebuaren i 20-åra hadde gjort dette, og at det var planlagt med andre av bebuarane.

Då dei to møttest på gjerningsdagen, bestemte den då rusa irakaren seg for å ta opp spørsmålet. Utan tilståing eskalerte konfrontasjonen og mannen i 30-åra slo med ein barberhøvel i ansiktet.

Ti stikk- og kuttskadar

Dette utløyste eit basketak, der den fornærma mannen fekk ti stikk- og kuttskadar i ansikt, på ryggen, armar og hender. I tillegg til barberhøvelen vart det også brukt ein kniv med 11,5 centimeter langt knivblad.

– Det står fram som tilfeldig at skadane ikkje vart meir alvorlege, skriv tingrettsdommar Walter Høivik ved Fjordane tingrett.

Medan mannen i 20-åra kjempa for livet, ropte han etter hjelp frå dei andre bebuarane. Desse kom til og fekk skilt mennene, før dei tok kniven frå gjerningsmannen.

Vurderte drapsforsøk

Den skadde vart sendt til sjukehus med det som først vart opplyst som alvorlege skader . Mannen fekk i alt ti skader i kampen.

Gjerningsmannen erkjende straffskuld allereie i første avhøyr. For Fjordane tingrett var det klart at han hadde planlagt å stille mannen i 20-åra til ansvar for at han meinte seg forgifta. Politiet vurderte å tiltale mannen for drapsforsøk.

– Etter ei heilskapleg vurdering har vi kome fram til han ikkje har hatt forsett om drap, sa politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen til NRK i januar .

Har sona ferdig

Verken politi eller retten fann haldepunkt for at mannen vart forgifta. I forkant av rettssaka vart mannen vurdert av sakkunnige.

Dei konkluderte med at mannen var strafferettsleg tilrekneleg. Han hadde ein promille truleg på kring 1,5 då hendinga fann stad.

Retten meinte utgangspunktet for straffutmålinga var fengsel i over eitt år, men landa på ni månader i fengsel. Denne straffa er allereie ferdigsona i varetekt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.