Hopp til innhold

Knivangrep etterforskast som drapsforsøk

Politiet vil be om fire veker varetektsfengsling av mannen som i går knivstakk ein syrar i 20-åra i Høyanger.

Knivstikking i Høyanger

ÅSTADEN: her i Sandvika utanfor Høyanger fann knivstikkinga stad.

Foto: Arve Ullebø

Knivstikkinga blir etterforska som eit drapsforsøk, men det er førebels ikkje teke ut noko formell sikting mot irakaren i 30-åra.

– Vi har fått avdekka at det handlar om to personar. Den eine knivstikk og brukar anna vald mot ein annan person.

Det fortel lensmann i Høyanger og Balestrand, Kåre Jan Hofrenning. Dei to involverte bur begge i ein bustad for asylsøkjarar i Sandvika utanfor Høyanger sentrum. Den arresterte er frå Irak, medan offeret er frå Syria.

– Knivstikkinga i Høyanger i går framstår som uprovosert, seier lensmann Kåre Jan Hofrenning i Høyanger til NRK.

Ifølgje NTB skal mannen ha vore rusa på alkohol og det er teke blodprøve.

Den arresterte vil bli framstilt for varetektsfengsling i morgon, og det vil bli bedt om fire vekers varetekt. Saka blir etterforska som eit drapsforsøk. Etter det NRK erfarer skal det vere ei reell frykt for at mistenkte skal reise frå staden.

Åstaden i Høyanger

SPERRA AV: Dei to involverte bur begge i ein bustad for asylsøkjarar i Sandvika utanfor Høyanger sentrum.

Foto: Arve Ullebø

I tillegg fortel Hofrenning at dei fryktar for gjentaking.

– Når det skjer uprovosert er ein bekymra for faren for gjentaking. Dessutan tenkjer ein og at saka er i startfasen, og det er ein del ting vi må få greie på. Bevisøydelegging kjem då inn i bildet, seier lensmannen.

Ein syrar i 20-åra ligg med det politiet skildrar som alvorlege skader på sjukehus i Førde, etter å ha blitt knivstukken i rygg, arm og ansikt.

Politiet håpar å gjennomføre nye avhøyr av den arresterte, offeret og potensielle vitne i løpet av dagen.