NRK Meny
Normal

– Dette er omfattande og veldig alvorleg

Utdanningsforbundet meiner det er ein ukultur når det gjeld tilsetjingar i Vågsøy.

Steinar Strømsli ny utdanningsleiar

ALVORLEG: Steinar Strømsli meiner kommunen må gå i seg sjølv om det gong på gong viser seg å vere vanskeleg å få søkjarar til rektor- og leiarstillingar ved skulane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Forbundet meiner fleire tilsetjingar innan skule- og barnehagesektoren ikkje er gjort etter boka.

Vågsøy-rådmannen avviser påstandane, men fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, ser alvorleg på situasjonen.

– Vi meiner heilt klart at Vågsøy kommune har ein ukultur når det gjeld tilsetjingar, iallfall innan oppvekstsektoren.

Står steilt mot kvarandre

I eit brev til kommunen peikar forbundet på fleire tilfelle der rektor- og styrarstillingar ikkje er lyste ut. Kommunen har i staden valt å konstituere kommunetilsette i stillingane, tre av dei på ein periode på over eitt år.

– Dette er veldig omfattande og veldig alvorleg, seier Strømsli.

– Det er eg heilt usamd i, svarar Vågsøy-rådmann, Knut Ove Leite.

Leite meiner kommunen held seg til regelverket og kan forklare forholda.

– Alt kan forklarast, og det er få stillingar som fell innunder opplæringslova sine reglar om utlysing, som det her er snakk om.

Kvalifikasjonsprinsippet

Å konstituere nokon i ei stilling skal vere ei mellombels løysing. Rektor ved Skram skole har vore konstituert i stillinga i eitt år. Ved Holvik skule er rektor konstituert på andre året. I tillegg meiner Utdanningsforbundet at stillinga som vikar for styrar ved Skramsmarka barnehage ikkje var lyst ut før konstituering.

– Det er beklageleg. Om ein kommune vel å ikkje lyse ut, korleis skal dei då få søkjarar, seier Strømsli oppgitt.

Advokat i KS, Mårten Faret, seier kvalifikasjonsprinsippet veg tungt i tilsetjingssaker. Altså om kommunen har gjort det dei kan for å sikre at den best kvalifiserte personen får stillinga.

– Spørsmålet her blir kor lenge ein kan konstituere samanhengane, utan at ein bryt kvalifikasjonsprinsippet, seier Faret som legg til at kvar sak må vurderast for seg.

Vågsøy kommune

SKULDA FOR UKULTUR: Utdanningsforbundet meiner Vågsøy kommune har ein ukultur når det gjeld tilsetjingar i oppvekstsektoren.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Skal lysast ut

At rektorstillingane ved Holvik skule og Skram skule ikkje er lyste ut på nytt forklarar Leite med at Holvik skule er vurdert nedlagt, og elevane flytta over til Skram skole.

– Korleis kan de vite at de får dei beste personane til stillingane når dei ikkje blir lyste ut offentleg?

– Vi har lyst ut stillingar utan å få søkjarar. Samtidig er det viktig at interne kandidatar får prøve seg når vi ikkje får kvalifiserte kandidatar utanfrå, seier Leite.

Fylkesleiaren i Utdanningsforbundet meiner rådmannen sine forklaringar er tvilsame. Strømsli seier ledige stillingar skal lysast ut, uavhengig av politiske prosessar. Det er store rekrutteringsproblem til rektor- og leiarstillingar til skular i Sogn og Fjordane. Det opnar for konstituering, seier Strømsli.

– Men då gjer ein det ikkje i meir ein eitt år, så prøver ein på nytt. Om det framleis er rekrutteringsproblem må kommunen gå i seg sjølv og finne ut kvifor.

Administrasjonsutvalet skal handsame klaga frå Utdanningsforbundet i dag.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy