Hopp til innhold

Skuldar politi og media for å hausse opp narkotikaproblema

Narkotika er ikkje noko stort samfunnsproblem, men blir haussa opp av media og av politiet, meiner den erfarne ruskoordinatoren Harald Munkvoll i Helse Førde.

Harald Munkvoll

KLAR TALE: Opphaussa informasjon i media og frå politiet gjer problemet større enn det er, seier ruskoordinator Harald Munkvoll.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Bruken av narkotika har alltid vore låg i Norge og Europa, og etter år 2000 har bruken gått ned.

– Viss du spør folk om dei har brukt til dømes cannabis siste året, så seier ei lita gruppe ja. Spør du om dei brukar det ofte, så blir gruppa halvert. Spør du om dei har eit problem med bruken, så er det nesten ingen igjen, seier Harald Munkvoll i Helse Førde.

Ruskoordinatoren meiner at bruken av narkotika er så liten i høve totalbefolkninga, at skulle det vere slik som media og politiet melder om, ville rusforskarar frå heile verda ha kome hit.

Bakgrunnen er dårlege informantar, meiner Munkvold.

Kven du spør

– Spør du brukaren om cannabis, så vil han seie at «alle bruker det». Spør du media, vil dei ha ulike behov for å hausse det opp, og seie at veldig mange bruker det. Spør du politiet, så har dei ulik agenda for å seie at det er slik.

– Dette er kva vi på fagspråket kallar majoritetsforståinga.

– At det finst ein del dårlege informantar der ute som seier at dette er eit problem. Det er vi fagfolk heilt usamde i. Det er berre ei bitte, lita gruppe som bruker narkotika i Norge, og den gruppa aukar ikkje.

Vil informere

Regionlensmann Dag Fiske er langt på veg samd med Munkvoll, men seier politiet ynskjer å informere.

Regionlensmann Dag Fiske

INFORMERE: Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Vi har prøvd å seie at vi er bekymra for miljø der det vert brukt tyngre stoff og der det har vore unge folk i nærleiken.

– Vi ønsker ikkje å overdramatisere. Vi ønsker å gå ut med eit varsku til foreldra og til brukarane, seier Fiske.

Mediekommentator Aksel Braanen Sterri tykkjer media si dekning av rusproblematikk er blitt meir moden med åra, med færre store overskrifter og fleire nyanserte artiklar om rusproblematikk.

– Kvar enkelt mediehus har sin gode grunn til å skrive om endring i bruk av narkotika, men så blir summen av all dekninga kanskje skeiv og overdriven, seier Braanen Sterri.

Aksel Braanen Sterri byline

KOMMENTATOR: Aksel Braanen Sterri.

I Europatoppen

Han tykkjer likevel det finst trendar innan narkotika som kanskje ikkje kjem like godt fram i brukarundersøkingane som Harald Munkvoll stør seg til.

– Til dømes viser analysar av kloakken i Oslo at vi ligg på Europa-toppen i bruken av MDMA og amfetamin. Og undersøkingar som seier at kvar fjerde utelivsgjest i Oslo har nytta eit ulovleg rusmiddel i løpet av siste dagane.

– Det seier noko om ein underliggande trend som kanskje vil auke når folk får tak i rusmiddel på gata og på Internett, seier Braanen Sterri.