Hopp til innhold

– Kvar morgon vaknar 30.000 elevar og veit kva dei går til

Tusenvis av elevar opplever mobbing kvar dag, men skulane veit faktisk ikkje kva dei skal gjere, meiner professor Erling Roland ved Universitetet i Stavanger.

Erling Roland.

PROFESSOR: Erling Roland er utdanna lærar og har doktorgrad i pedagogikk. – Lærarar og rektorar i Norge er gjennomgåande skikkelege folk og dei vil gjerne gjere ein god jobb, men dei veit faktisk ikkje korleis dei skal handtere mobbesaker, seier han.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I går fortalde NRK at Eid kommune legg seg flate etter at Nordfjordeid skule i ei årrekkje visste om, men ikkje gjorde nok for å stogge mobbing .

Roland seier det ikkje er eit ukjend bilete som blir teikna i Eid. Han peikar på at statistikk syner at om lag 30.000 born blir mobba kvar dag.

– Det er ikkje tid, økonomi eller haldningar det står på. Det handlar i stor grad om kompetanse i skulane. Dei veit faktisk ikkje kva dei skal gjere, seier Roland.

Manglar kompetanse

Roland har mobbing, åtferdsvanskar og klasseleiing som fagområde. Han har skrive fleire bøker om dette med bakgrunn i forsking og erfaring frå skulen.

Statistikken viser at kring fem prosent av norske grunnskuleelevar blir ofte mobba.

– For foreldre er det frykteleg vondt å kjenne på at borna ikkje har det godt. Når dei då går til skulen, er det veldig viktig at skulane møter dei på ein lyttande og respektfull måte, seier Roland.

– Må rekne med småterging

Eli Sætren

BITTER: – Når eg ser kor mykje barna våre har slite, og eg veit det er mange andre barn som har hatt det vondt, blir eg frykteleg bitter på at ingen har gjort noko, seier Eli Sætre, mor til to av gutane som vart mobba ved skulen.

Foto: Anders Mildestveit

Eli Sætre er ei av fleire foreldre som opplevde at borna vart mobba på Nordfjordeid skule. Då ho varsla skulen fekk ho beskjed om at mobbing ikkje eksisterte på skulen.

– Litt småterging må ein rekne med, svara rektoren.

– Når ungane lèt som dei er sjuke for å sleppe å gå på skulen, er det meir enn terging. Då er det alvorleg, seier Sætre i dag.

Åslaug Krogsæter

ALVORLEG: Rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, har snakka med mange foreldre siste vekene. – Dei fortel om utestenging som medfører store psykiske problem. Andre barn gir uttrykk for at dei ikkje veit om dei orkar å leve fordi livet er så vanskeleg, seier ho.

Foto: NRK

Rektor ved skulen seier seg lei for foreldra opplevde å ikkje bli tekne på alvor. Rådmann Åslaug Krogsæter vedgår at det skulle vore oppretta mobbesaker.

Må undersøkje

Det er eleven si oppleving som skal leggjast til grunn ved oppretting av slike enkeltvedtak.

Vedtaka inneheld ein konkret plan med tiltak for å stoppe mobbinga.

– Så må ein undersøkje grundig kva dette er. Då kan skulen, ofte saman med foreldre, lærarar og elevar, trekkje ein konklusjon om kva dette er. Er det mobbing, så er det gode metodar for å stogge det. Er det noko anna, så er det metodar for det også, seier Roland.

Kjenner seg att i påstanden

Direktør for Utdanning i KS, Erling Lien Barlindhaug, kjenner seg att i påstanden til Roland.

Erling Lien Barlindhaug

JOBBAR MED: Erling Lien Barlindhaug meiner professor Erling Roland har rett i att mange skular må betre kunnskapen om korleis dei skal handtere mobbesaker.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Mange har gjort mykje for å styrke kompetansen på både skule- og kommunenivå, men det er mykje som tyder på at det er behov for å halde stort fokus på det framover, seier han.

Mellom anna meiner Barlindhaug skulane må bli flinkare til å sjå mobbesakene i ein større samanheng, som til dømes relasjonane internt i ei elevgruppe.

Barlindhaug trur også at kommunane sjølve har ein veg å gå.

– Mange saker kan bli så vanskelege at skulen ikkje klarer å handtere den på eigahand. Då er det viktig med eit støtteapparat som så tidleg som råd kan handtere saka på ein best mogleg måte.

– Mykje bra, men ...

Professor Erling Roland

MÅ VITE: – Ein må vite kva ein skal gjere når ein faktisk har ei sak. Mange skular er veldig famlande på korleis ein gjer det og i nokre tilfelle blir ikkje saka betre, men verre, seier professor Erling Roland.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Medan det finnast god oversikt over kor stort problemet med mobbing er, kjenner ikkje Roland til noko statistikk som fortel korleis foreldre og elevar blir mottekne når dei kontaktar skulen med mobbesaker.

Professoren meiner at det blir gjort mykje godt arbeid i skule-Norge, men seier det er viktig at alle må jobbe med å auke kompetansen på korleis handtere slike saker.

– Dei bør skaffe seg kunnskap og kompetanse om korleis dei skal møte foreldre og lærarar når dei varslar. Og kunnskap og kompetanse for å fange opp slike ting sjølve, seier Roland.