Hopp til innhold

Frp-Djuvik er skuffa over OL-ja frå idrettstoppane i Sogn og Fjordane

Framstegspartiet er skuffa over at idretten i Sogn og Fjordane ikkje seier nei til eit mogleg vinter-OL i Oslo i 2022. OL-milliardane bør heller brukast på anlegg over heile landet, meiner toppkandiat Frank Willy Djuvik.

Djuvik OL

OL-NEI: Frank Willy Djvik (Frp) meiner at heile landet burde ha vore med på folkerøysting om OL i Oslo.

Foto: Oslo2022, Oslo kommune / NRK

– Det overraskar meg at idretten i Sogn og Fjordane ikkje er tydelegare på motstand mot OL i Oslo, seier Djuvik til NRK.no.

Han meiner at det i staden for eit OL i Oslo, så må det heller kome eit nasjonalt idrettsløft over heile landet. Dette burde idrettskrinsen og dei andre idrettsorganisasjonane slutte opp om, meiner Frp-toppen.

– Når dei same organisasjonane då sluttar opp om, eller i alle fall ikkje protesterar mot at det skal brukast fleire titals milliardar på å byggje anlegg og arrangere OL i Oslo, då heng det ikkje heilt saman det dei gjer. Det er titals milliardar av kroner som heller kunne blitt brukt på idrettsanlegg, til dømes i Sogn og Fjordane, enn på desse 14 dagane. Eg trur det er betre og meir langsiktig for idretten om ein investerer det lokalt, seier Djuvik.

Det er titals milliardar av kroner som heller kunne blitt brukt på idrettsanlegg, til dømes i Sogn og Fjordane, enn på desse 14 dagane

Frank Willy Djuvik

Ville hatt folkerøysting i heile landet

I samband med valet i 9. september skal oslofolk også delta i ei rådgjevande folkerøysting der dei seier ja eller nei til ein OL-søknad.

– I utgangspunktet burde dette vore ei folkerøysting som var over heile landet. For kostnaden med dette er det jo i liten grad innbyggjarane i Oslo som skal ta. Når idretten seier at dei skal betale maksimalt 11,1 prosent, så er det uansett alle skattepengane til innbyggjarane i Sogn og Fjordane som skal gå over statsbudsjettet til å finansiere OL, sler Djuvik fast.

– Ikkje berre i Oslo

– Men det er jo heilt klart at eit eventuelt OL vil bli ein folkefest, er det ikkje då litt småleg av Frp å gå stå sterkt imot?

– Nei, for når det kjem til stykket så må ein velgje å prioritere innanfor dei rammene ein har. Om det blir arrangert OL i Norge, så kjem eg heilt sikkert til å ta med familien og reise dit og ha det veldig gøy desse 14 dagane. Men samstundes som politikar, så har eg eit ansvar for at idretten har gode vilkår i mitt heimfylke og i andre delar av landet. Då meiner eg at det er betre å bruke pengar på å styrke idretten over heile landet, og ikkje berre i Oslo.

OL-ringer

OL-JA: Aud Kari Isane er leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Idrettskrinsen sterkt usamd

I rak motsetnad til Djuvik meiner leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Aud Kari Isane at eit OL i Oslo er noko som vil tene heile landet.

– Vi er nok ikkje samde med Framstegspartiet. Heilt sånn prinsipielt tenkjer eg at vi som ein viktig vintersportnasjon skal vere med og delta i OL, så må vi og frå tid om anna også ta vår del av det å arrangere det. Om det skal vere 2022 eller det skal vere 2030, kan heilt sikkert diskuterast. Men at vi også skal vere med å arrangere, det tenkjer eg er heilt rett, seier Isane.

Ikkje uroleg for eit OL

Ho deler ikkje Djuvik sin uro for at ei stor OL-tilskiping vil gå ut over satsinga på breiddeidrett og anlegg andre stader i landet. Ho peikar på at det ekstraordinære idrettstinget i juni fjor stod borttimot heilt samla bak ein norsk OL-søknad.

– Vi fekk eit vedtak som seier at det ikkje skal brukast meir enn 11,1 prosent av idretten sine midlar. Og desse skal takast av dei fylka rundt Oslo som får nye anlegg. Om det blir bestemt at vi skal søkje om OL, så vil det gå av deira del av spelemidlane alt frå neste år og fram til 2022.

Heilt sånn prinsipielt tenkjer eg at vi som ein viktig vintersportnasjon skal vere med og delta i OL, så må vi og frå tid om anna også ta vår del av det å arrangere det

Aud Kari Isane

– Trist om vi ikkje får OL

– Så uroen til Frank Willy Djuvik er ikkje reell meiner du?

– Slik som vedtaket i idrettstinget blei, så tyder det at vi sit att med same andel av spelemidlane anten det er OL eller ikkje. Det er ei samla idrettsrørsle som seier at Norge også skal vere med og arrangere OL. Så det er reint prinsipielt. Eg synes det blir trist om vi ikkje får eit OL no, men om det blir eit nei, så får vi heilt sikkert sjansen seinare, sler Isane fast.