Mest alvorleg er det at dei har hatt for høg terskel for å undersøkje bekymringsmeldingar og sette i gang tiltak, og ikkje har vore flinke nok til å følge opp tiltak dei har sett i gang.
– Eg kjenner at eg rett og slett blir veldig skuffa, sa Henny Kristin Asperanden Navarsete (Ap) under kommunestyremøtet.
- Les også:
– Sanning med modifikasjonar
Asperanden Navarsete føler seg lurt av rådmannen i Sogndal, som ho meiner gav eit heilt anna bilete av Sogn barnevern sist dei diskuterte saka.
– 15. september var rådmannen i kommunestyret i Leikanger og fortalde om kor bra Sogn barnevern no hadde blitt. Det ser vi av rapporten at er ein sanning med modifikasjonar, seier ho.
Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, meiner han ikkje skjulte sannheita, og at han under møtet opplyste at barnehagar, skular og helsestasjonar kan ha lidd som følge av redusert kapasitet i Sogn barnevern. Han ser ikkje bort frå at tenesta kan ha vore svekka i det aktuelle tidsrommet.
– Funna i tilsynet indikerer etter vår vurdering at det er stor fare for manglar ved tenesteytinga frå Sogn barnevern i 2015 og delar av 2016, men tilsynsrapporten seier ikkje kva konsekvensar funna kan ha hatt for enkeltsaker.
– Korleis vil de gå fram i samarbeid med dei andre kommunane, Luster, Balestrand og Leikanger, for å rette opp i problema med Sogn barnevern?
– Vi vil sende ein plan for forbetringar, tidspunkt for iverksetting av tiltak og korleis dei blir evaluert til Fylkesmannen innan 1. februar 2017. Planen vil bli utarbeidd av alle tilsette i tenesta. Fylkesmannen har tilbydd å assistere kommunen i dette arbeidet, noko vi vil nytte oss av. Vi vil halde samarbeidskommunane løpande orientert om dette arbeidet, og sjølvsagt svare på alle spørsmåla som kommunane har, seier Aanestad.
- Les også:
Vil ordne opp
– Ein kan spørje seg om arbeidsmiljøspørsmåla har tatt fokus frå oppgåva med å passe på barn og familiar som treng hjelp, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, om dei totalt 11 avvika som Fylkesmannen fann hos barnevernet.
Han føler seg derimot ikkje lurt, men vil passe på at problema i barnevernet blir følgt opp som dei skal.
– Eg vil ikkje seie at vi har blitt ført bak lyset. Vi har hatt ein relativt god dialog rundt krevjande situasjonar i Sogn barnevern, som Sogndal kommune har arbeida aktivt med å løyse opp i. Vi vil konstruktivt gå inn i ein dialog med Sogndal for å forsikre oss om at forbetringsplanen for tenesta er den rette, og at den blir sette i verk, seier Odd.
Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, håpar også at barnevernet snart igjen vil halde den nødvendige standarden.
– Ein må gjere greie for korleis ein raskt kan få opp igjen Sogn barnevern til å levere dei tenestene ein skal. Luster vil stille sine ressursar til disposisjon viss det trengst, seier han.