Hopp til innhold

Skremd over Haga-saka

Liv Signe Navarsete er mindre freista til å ta over som leiar for Senterpartiet etter bråket rundt Åslaug Haga.

Liv Signe Navarsete
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Eg må vere så ærleg og seie at når eg ser kva Åslaug har vore gjennom no, har eg ikkje så brennanade lyst til å gå inn i leiande posisjonar. Saka er evna til å skremme vatnet av nokon kvar, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Les også: Åslaug Haga trekker seg

Vil vurdere partileiarjobb

Lars Peder Brekk går no inn som fungerande leiar for Senterpartiet, og Liv Signe Navarsete inn som fungerande første nestleiar.

Ny leiar for Senterpartiet skulle veljast i mars, men no er det opp til landsstyret bestemme om det skal vere eit ekstraordinært landsmøte og kor tid det eventuelt skal vere.

Liv Signe Navarsete vart utpeika av både partifellar og politiske kommentatorar til å bli ny partileiar, då Åslaug Haga i april varsla landsstyret om at ho ikkje kom til å ta attval som partileiar.

- Eg har sagt tidlegare at eg vil vurdere spørsmålet viss eg får det. Får eg spørsmålet må eg diskutere det med familie og nære støttespelarar. Eg veit etter så mange år som nestleiar at det ikkje berre er solskinsdagar. Men sjølvsagt veit eg at det er fantastisk spanande og gjevande å vere nestleiar, seier Navarsete.

Ein trist dag

Navarsete har samarbeidd lenge med Åslaug Haga. Begge var nestleiarar for Odd Roger Enoksen, og Navarsete har vore nestleiar for Haga i fem år. Ho tykkjer det er trist at Åslaug Haga går av som partileiar.

- Eg kjenner ho godt. Ho er eit flott menneske i tillegg til å vere ein dyktig leiar. Eg tykkjer det er eit tomrom når ein omtykt person trekkjer seg. Likevel er vi nøydde til å sjå framover, seier Navarsete.

- Kven har skulda for at ho gjekk av?

- Det er ikkje opp til meg å fordele skuld. Ho har sjølv vald å gå av. Ho har sjølvsagt snakka med oss, men har teke den endelege avgjerda sjølv.

Viktig for Sogn og Fjordane

Bråket rundt Åslaug Haga starta med at ho hadde sett opp ei bryggje ved hytta på Hopland i Stryn utan byggjeløyve.

Les også: Haga starta bygging utan løyve

I følgje Navarsete kjenner Haga nære band til Sogn og Fjordane.

- Kva har ho betydd for Sogn og Fjordane?

- Ho har vore interessert i utviklinga i Sogn og Fjordane, og vore med og lagt til rette for vedtak som har vore viktige for Sogn og Fjordane. Ho har vore ein viktig støttespelar i viktige saker i regjering og Storting, seier Navarsete.

- Kva skjer med Lutelandet no framover?

- Det er viktig at vi held fokus på Lutelandet og andre viktige saker, seier Navarsete.