Haga starta bygging utan løyve

Åslaug Haga og ektemannen i meir bryggebråk.

Hytta til Åslaug Haga
Foto: Arne Eithun / NRK

Åslaug Haga og ektemannen Bård Hopland skal ha fått laga fundament til ei ny brygge på hytta før godkjenninga frå kommunen var i orden.

Les også:

Haga får bot for ulovleg bryggje

Haga får bygge brygge

Alvorleg

Grunnarbeidet skal ha blitt gjort før ekteparet var klar over at den eksisterande brygga på hytta ved Nordfjorden ikkje var byggemeld, og dermed ulovleg oppsett.

- Det er alvorlig at paret tilsynelatande nok ein gong har starta arbeidet med å byggje ei bryggje utan godkjenning, meiner seksjonsleiar for plan- og byggesaker i Stryn kommune, Kolbjørn Nilsen.

- Dette skulle dei ikkje ha gjort, seier Nilsen til VG.

Førebels løyve

Haga og Hopland fekk denne veka løyve til å setje opp ny brygge. Men betongfundamentet og ein såkalla stolpesko på svaberget skal allereie ha vore på plass i god tid før byggjeplanane fekk grønt lys. Hopland skreiv i byggjesøknaden at han ville sette opp desse elementa i april i år fordi det då var låg fjære.

Haga opplyser at Stryn kommune ga eit førebels løyve til at dei kunne gjere eit begrensa grunnarbeid på brygga, men at dette skulle fjernast dersom byggjeløyve ikkje vart godkjend. Men ingen i Stryn kommune kjenner til ein slik avtale, korkje skriftleg eller muntleg.

- Nei, det har eg ikkje høyrt om. Og muntlege tilsagn gir vi aldri. Det må søkast om godkjenning, og så får ein anten ja eller nei, seier seksjonsleiar Kolbjørn Nilsen.