Hopp til innhold

Ho er redd menneskeliv kunne gått tapt om brannen hadde utvikla seg

Grete Nilsen har frisørsalong i kjellaren i huset som nokon forsøkte å tenne på i helga. Ho tykkjer det heile er skremmande.

Grete Nilsen

SKREMD: Frisørsalongen til Grete Nilsen kunne gått tapt dersom brannen hadde utvikla seg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er skremmande å tenkje på at nokon kan finne på noko sånt, seier dagleg leiar i frisørsalongen, Grete Nilsen.

I huset bur til saman ni personar og frisørsalongen ligg i kjellaren. Natt til søndag prøvde nokon å tenne på det gamle huset i Sandane sentrum.

Det var fest i loftetasjen med kring ti personar tilstades. Branntilløpet vart oppdaga i andre etasje av nokon som var på veg heim frå festen og fekk sløkt brannen.

Alvorlege konsekvensar

Grete Nilsen likar ikkje tanken på kva som kunne ha skjedd dersom dei ikkje hadde oppdaga brannen.

– Salongen kan eg erstatte, men ikkje menneskeliv. Dersom brannen hadde utvikla seg er det ikkje godt å vite kva konsekvensen hadde blitt.

– Politiet er på jakt etter tips og meiner brannen er påsett. Kva tenkjer du om det?

– Dersom det er nokon som går rundt og prøver å setje fyr på eit hybelhus, så er dei ikkje kloke. Dei bør takast, det meiner eg, seier Nilsen som trur politiet kanskje er for snille.

– Eg håpar dei etterforskar grundig, og dersom dei har mistanke om kven det kan vere bør dei ta dei inn og få dei til å tilstå, meiner Nilsen.

Branntilløp i andre etasje

MERKE: Rekkverket i andre etasje har merke etter branntilløpet.

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

Eit eingongstilfelle

Grete Nilsen håpar og trur dette er eit eingongstilfelle og at dei som står bak tenkjer gjennom kva dei har gjort og ikkje kjem til å gjere det igjen.

– Dette er noko som har skjedd i fylla og eg trur ikkje vi skal gå rundt og vere redde for at dette kan skje igjen.

Nilsen har eit godt inntrykk av ungdomane som bur der og har lite tru på at det er nokon av dei som kunne finne på å setje fyr på huset.

Kunne gått gale

Politiførstebetjent ved Gloppen lensmannskontor, Torbjørn Sælen, seier det er snakk om berre eit minutt før det kunne gått skikkeleg gale.

– Det seie seg sjølv at hadde dette fatna skikkeleg til, hadde det vore veldig farleg. Det er mykje som tyder på at det er påsett. Dette er ei alvorleg sak. seier han.

Politiet veit førebels ikkje kven som har tent på.

– Men vi etterforska saka og har ei god oversikt over personar som har vore i området, seier Sælen.