Hopp til innhold

Prøvde å setje fyr på gamalt trehus

Natt til søndag prøvde nokon å tenne på eit hybelhus i Sandane sentrum medan fleire personar var på fest i loftetasjen. Det skriv Firda Tidend i dag.

Hus i Sandane sentrum

BRANNTILLØP: Det var i dette huset i Sandane sentrum som nokon prøvde å setje fyr på.

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

Det var i trappeoppgangen i eit gamalt hus frå kring1920 at nokon prøvde å tenne på.

– Viss brannen hadde fatna, kunne det blitt svært alvorleg, seier politiførstebetjent Torbjørn Sælen til avisa Firda Tidend .

Brukte avispapir

Politiet fekk melding kl 03.22 om hendinga. Det var blitt tent på avispapir for å starte brannen. Nokre personar som var på veg heim frå fest oppdaga kva som var i ferd med å skje og fekk sløkt brannen før det blei alvorleg.

Det er snakk om minutt før brannen kunne ha utvikla seg.

Fleire var til stades

Branntilløp i andre etasje

MERKE: Rekkverket i andre etasje har merke etter branntilløpet.

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

I andre etasjen ser ein tydeleg at rekkverket i trappeoppgangen har merke etter branntilløpet.

Huset er laga til for ni hyblar og i loftsetasjen var kring ti personar på fest, medan i første etasjen låg to personar og sov. I kjellaren ligg det ein frisørsalong.

Det gamle trehuset ligg nær andre gamle bygningar og dersom brannen hadde utvikla seg kunne det gått utover desse også.

Avisa skriv at politiet etterforskar saka og er interesserte i opplysningar frå publikum.