Hopp til innhold

Skreiv ut 75 beltegebyr på to timar

I løpet av to timar tysdag ettermiddag skreiv UP ut heile 75 gebyr for manglande bruk av bilbelte i Førde sentrum.

UP kontrollerte trafikken på E39 inn til Førde mellom klokka 14 og 16 tysdag.

- Dette er ille. Spesielt kjedeleg er det når ein og same bilførar vert stoppa to gonger i løpet av kort tid, og altså får to gebyr. Det synest eg ikkje noko om, seier distriktsleiar i UP, Leon Nordanger. 

Resultatet var så nedslåande at Nordanger no varslar fleire kontrollar i Sogn og Fjordane.

- Vi kjem til å auke talet på kontrollar i Sogn og Fjordane, spesielt med tanke på bruk av bilbelte og sikringsutstyr.

Mange snakka i mobiltelefonen

På kontrollstaden i rundkøyringa ved Førde Hotell vart det altså delt ut heile 75 gebyr til billistar som ikkje brukte bilbelte. Men UP skreiv også ut 13 gebyr på 1300 kroner kvar til sjåførarar som brukte handhalden mobiltelefonen medan dei køyrde. I tillegg vart ein sjåføre teken for å køyre utan førarkort.