Vollen er om lag ni meter høg på det høgste, og rundt 50.000 kubikk med stein er sprengt ut og lagt opp som ein gigantisk plog med spissen rett mot skredløpet.
Bygginga av den 350 meter lange skredvollen starta i fjor sommar, og sikringa av Buskredene er kostnadsrekna til om lag 17,2 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skal vere klar for vinteren
– No blir det interessant å sjå korleis vollen vil virke. Skredsikringa er dimensjonert av våre erfarne geologar, og prosjekteringsavdelinga i Vegvesenet har laga linjene, før prosjektet vart godkjent av Vegdirektoratet. No skal Veitastrond vere klar for vinteren, i alle fall i Buskredene, seier prosjektleiar Stein Dyngen i pressemeldinga.
Han gler seg over at neste etappe på skredsikringa av fv337 er like om hjørnet, etter at eit samrøystes fylkesting i Sogn og Fjordane vedtok å starte skredsikringa av Bjørnabakkane og Lindeskreda. Prosjektet er rekna til å koste 237 millionar kroner, og løyvingane blir truleg vedtekne i Stortinget i desember.
- LES OGSÅ:
Fleire interesserte
– Vi hadde tilbodskonferanse del ein for eit par veker sidan, og då var sju entreprenørar til stades for å sjå på forholda. Hovuddelen av entreprisen er ein 1565 meter lang tunnel under det kjente skredpunktet Bjørnabakkane, og prosjektet har ein anslått byggetid på 27 månader, seier Stein Dyngen.
Tunnelen er utforma som ein eittfeltstunnel med møtelommer, som går over i tofeltstunnel i enden mot Veitastrond på grunn av kurvatur og krav til sikt. Arbeidet med sprenging og planering av riggområdet for neste etappe er ein eigen entreprise og vert avslutta tidleg i desember.
Brødrene Lomheim AS har hatt eit krevjande arbeid med å bygge plogvollen i Buskredene. I sluttfasen har det vore naudsynt med kjetting på dumperane for å få køyretøya opp det bratte terrenget. Og tre gravemaskinførarar måtte jobba etter brannmannsprinsippet for å få steinmassane heilt til topps på vollen.