Det har lenge vore strid om kvar eit slikt mottak skal ligge, men skjeldyrkarlaget meiner at alternativet i Davik ikkje kan måle seg med Florø.
Høg temperatur
Debatten omkring blåskjelnæringa har hatt høg temperatur i det siste. Skjeldyrkarlaget meiner det berre er rom for eitt blåskjellmottak i fylket, og har heile tida støtta planane om oppstarting av eit mottak i Florø, i regi av Sifon Seafood.
Men så kom Innovasjon Norge på bana, og dei ville satse på nykomlingen Fjord Shell i Davik. Sjå "Fjord Shell får støtte ".
Årsaka til det er ein ny avgiftingsmetode Fjord Shell jobbar med. Men mange har reagert på avgiftingsargumentet, som i følge kritikarane berre er relevant inne i fjordane.
Innovasjon Norge satsar på Davik
Innovasjon Norge står fast på at dei vil satse på Davik.
- Vedtaket til skjeldyrkarlaget endrar ikkje på det, seier direktør Halvor Flatland.