Kvart over fire torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein mann hadde falle ned i ein bresprekk på Strynefjellet. 27-åringen stod på telemark saman med fleire andre på Strynefjellet då ulukka skjedde.
Då redningsmannskapa kom fram til ulukkesstaden viste det seg at svensken ikkje hadde falle ned ein bresprekk, men at han hadde hamna mellom snøkanten og fjellet. Her hadde han falle fire meter ned.
Fjellredningsgruppa frå Stryn, luftambulansen og eit redningshelikopter var på staden, og 17.50 var mannen henta opp.
Politiet opplyser at mannen hadde brot i eine handa, smerter i ryggen, hjerneristing og hadde fått ein del sår i samband med fallet.
Politiet veit ikkje kva som er årsaka til ulykka, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge.
Foto: Jan Ivar Vik