Hopp til innhold

Her kan du likevel få boltre deg i sommar

Sjølv om driftsselskapet slo seg sjølve konkurs i vinter, startar Stryn sommarski skitrekket 29. mai i år.

Skiparken i Stryn

SKILEIK: Også i sommar kan skientusiastar få boltre seg på snøen ved Tystigen i Oppstryn.

Foto: Rune Lundsør

For i år er det eigedomsselskapet Stryn sommarski Eigedom AS sjølve som skal drive anlegget.

Styreleiar Ola Flo er glad for at dei også i år kan ynskje sommarskiinteresserte velkomne.

– Vi har fått det til på grunn av velvilje frå lokalt næringsliv, frå kommunen og ikkje minst vår bankforbindelse som har stilt opp med ein kortsiktig kreditt for å få anlegget i gang til sesongen, seier han.

– Litt for lite snø

Ola Flo

STYRELEIAR: Ola Flo er glad for at Stryn sommarskisenter kan starte heisane til pinse.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stryn sommarskisenter var i tidlegare tider ei av fylkets mest kjende merkevarer. Dei siste åra har sesongane derimot vore svært varierande, og meir enn ein gong har rekneskapen vist raude tal.

I vinter var driftsselskapet i store økonomiske vanskar og framtida til senteret svært uviss.

– Mest på grunn av snøforhold. Alle som bur i Sogn og Fjordane veit vel at det har vore høvesvis lite nedbør både i fjor vinter og i vinter. Det betyr at vi har lite snø på fjellet, kanskje i mange sine auge litt for lite til å drive, men uansett satsar vi på opning, seier Flo.

Treng kulde og flaks

Når anlegget opnar til pinse, blir det utan breheisen som har bruk for utbetring på toppen. Det er også lite snø på breen.

– Med litt kald vår og litt flaks med vêret framover så trur vi at vi skal kunne drive fire til seks veker, legg styreleiaren til.

– Kva betyr for framtida at ein klarer å halde kontinuiteten i gang?

– Det er viktig å vise marknaden at vi ikkje gir oss i Stryn, at vi opnar når vi seier vi skal opne og at vi gjer det beste ut av dei gjeldande forholda.

– Mange gode minner

Ansvarleg redaktør i skimagasinet Fri Flyt, Erlend Sande, trur nyhenda om ope sommarskisenter blir godt motteke. Han er svært godt nøgd på vegner av skimiljøet.

Fri flyt skal sjølve arrangere festival i Oppstryn i år, og deltek dermed i arbeidet med å skape aktivitet kring skisenteret.

– For det norske skimiljøet er Stryn sommarski veldig viktig. Det er mange som har gode minner derifrå, og det er ein samlingsstad for folk frå kanskje heile Europa, seier han.

Må nytte tilbodet

Sande meiner derimot at det vil by på problem for besøkstala at skisenteret kanskje ikkje held ope gjennom heile skuleferien.

– Det viser seg at snøen smeltar så fort at det ikkje lenger er mogleg å halde ope utover i fellesferien. Det blir då veldig viktig at entusiastane nyttar tilbodet for fullt dei vekene det er mogleg, seier han.

For styreleiar Flo er det to ting som er avgjerande for framtida:

– Det er snø og kapital. To enkle stikkord.