Hopp til innhold

No vert også dette hotellet Thon-hotell

Skei hotell i Jølster blir Thon-hotell frå nyttår. Det er andre hotellet i fylket på kort tid som blir del av Thon-kjeda.

Terje Kleveland foran Skei hotell som i 2015 blir Thon-hotell

THON NUMMER TO: Frå 5. januar vert Skei hotell del av Thon-kjeda, noko som gler hotelldirektør Terje Kleveland.

Foto: MMS-foto

– Eg kan ikkje seie konkret akkurat no at det kjem til å ha økonomiske fordelar, men det er klart at vi håpar det skal ha det, og at det skal gagne både oss og kundane våre, seier direktør ved Skei hotell, Terje Kleveland.

Berre ei veke etter at Førde hotell gjekk over til Thon-kjeda, vert det kjent at Skei hotell i Jølster vil gjere det same etter nyttår. Frå 5. januar vert hotellet ein del av kjeda sitt Conference-konsept.

– Dette er ei avtale vi har jobba med i nærmare eitt år. Vi prøvde å finne ein norsk samarbeidspartnar, som vi trur kan vere riktig for hotellet og for Sogn og Fjordane, sidan dei ikkje hadde hotell her tidlegare, seier Kleveland, og legg til:

– Både vi og Førde hotell har heldt på lenge for å kome oss inn i Thon.

– Sterk merkevare


– Vi synst at det var viktig å finne ein samarbeidspartnar som var norsk, og ikkje halde oss til Best Western, som er stor ute i verda, men liten i Norge, seier Kleveland.

Direktøren trur hotellet, som ligg i eit viktig trafikalt knutepunkt i fylket, vil få eit skikkeleg løft når skiftet skjer.

– Vi trur at sjølve merkevara Thon kan vere med på å skape meir marknad til Sogn og Fjordane enn kva Best Western har gjort, utdjupar Kleveland.

– Vi har lenge ønska å etablere oss i Sogn og Fjordane, og dette er vårt andre hotell i løpet av kort tid. Jølster er ein attraktiv destinasjon som eg er sikker på våre gjestar frå inn- og utland vil setje pris på, seier Morten Thorvaldsen, administrerande direktør i Thon Hotels i ei pressemelding.