Hopp til innhold

Hevdar at fargerik pengemaskin må seie opp

Moods of Norway taper pengar for første gang i år. Oppseiingar og stengde butikkdører er truleg noko av det som er i vente.

Peder Børresen og Simen Staalnacke i Moods of Norway.

MOT UNDERSKOT: Moteskaparane Peder Børresen og Simen Staalnacke skipa Moods of Norway i 2003. Ifølgje Finansavisen har verksemda hatt lite fokus på kostnadskontroll, noko som har minska overskota kraftig dei siste åra.

Foto: Gabrielle Graatrud / NRK

Overskotet har falle kraftig dei siste åra, og no styrer Moods of Norway mot underskot i 2014, skriv Finansavisen.

Det vil vere første gong sidan oppstarten for 12 år sidan at klesmerket frå Stryn går i minus.

– Det har vore for høge vekstambisjonar, for mange konsulentar og for mange tilsette, seier ei kjelde nær motesystemet til avisa.

Ifølgje avisa seier kjelda at 40–50 av kring 400 tilsette må gå, at fleire butikkar, særskilt i utlandet, vil bli lagde ned og at lønnsutgiftene må strammast inn.