NRK Meny
Normal

Skaut seg vekk på bana

Draumen var kongelaget, men ein 54.-plass held ikkje for Aurlendingen.

Vegard Solhaug

SKUFFA: Vegard Solhaug er skuffa over eigen prestasjon på baneskytinga torsdag. Han håpar fredagen få han lenger opp på resultatlista etter feltskytinga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det gjekk ikkje bra i det heile, og eg er skikkeleg skuffa, seier Vegard Solhaug frå Aurland. Han hadde ikkje ein sjanse på baneskytinga torsdag, og etter ein dag med fleire rundar med børsa vart det klart at det mykje som ikkje stemte.

Hadde ikkje dagen

– Eg fekk for mange niarar, og det held ikkje. Og eg hadde ikkje dagen rett og slett, seier han.

Han flytta til Hordaland for å trene og bli endå betre i sporten. Men sidan den gong har treningstimane gått ned.

– Før trente eg over ti timar i veka, medan eg no er nede i fire eller fem, seier han.

Men han meiner det ikkje har så mykje å seie for innsatsen torsdag.

– Eg har hatt ei grei oppkøyring til Landsskyttarstemne. Ei veke med avslapping i syden og NM. Men det var ikkje nok, seier han.

Skuffa over seniorane

Og det er leiar for skyttarkrinsen Knut Grinde samd i.

– Ja, vi er skuffa over at ingen av seniorane våre gjorde det bra på bane. Det er klart. Det er eit stort press på dette stemne, og alt må klaffe på kvar einaste skyting. Då er det lett at det vert for mykje, seier Grinde.

Men han meiner at det er stort håp for skyttarar frå fylket likevel.

– Vi har mange gode skyttarar som vi har stor tru på, seier han.

Han meiner rekrutteringa til skytesporten er god.

– Juniorane skyt liggande og dermed er det lettare for dei å treffe blink, for seniorane må opp og stå og då vert det med eitt mykje meir vanskeleg.

Målet er kongelaget om to år

Om to år skal landsskyttarstemne bli arrangert i Førde, of den store draumen er å få ei prinsesse eller nokon på kongelaget.

– Det hadde vore fantastisk. Og vi kjem til å jobbe målretta med motivasjonen til skyttarane og ha fokus på god trening og opptrapping til det, seier Grinde.

Landsskyttarstemne på Lesja samlar mange tusen til skyttarfest, og i dag fredag er det feltskyting.

– Eg håpar eg gjer det betre i dag, og at eg kjem meg lenger opp på resultatlista, seier Vegard Solhaug.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser