Laurdag gjekk startskotet for Landsskyttarstemnet som samlar dei beste skyttarane i landet. Over 350 skyttarar representerar Sogn og Fjordane på Lesja i Oppland, der totalt 5700 kjempar om medaljane i både baneskyting og feltskyting.
Og allereie no har 5 unge skyttarar frå fylket kvalifisert seg til finale i baneskyting, fortel Knut Grinde.
Og dei som har kapra seg finaleplass er Kjetil Bø Bjørgum, Ole Martin Erdal og Endre Varlid i klassen rekrutt, og Vegard Solhaug og Elisabeth Skudalsness i klassen eldre rekrutt. Desse skal skyte finale på tysdag og på laurdag.
Og på onsdag startar baneskytinga for dei aller beste seniorskyttarane i landet, der Sogn og Fjordane har med fleire gode kandidatar.