– Det er snakk om å halvere talet skattekontor. Dei har aldri sagt det offentleg, men det er det vi fryktar. I dag er det 100 skattekontor i landet, og då blir det ikkje så mange igjen.
Det seier Bjørn Ove Hersdal, leiar i NTL Skatt Vest. Norsk tenestemannslag er den største fagforeininga i Skatteetaten med om lag 2800 medlemmer, 500 i region Vest.
Samtidig med at finansminister Siv Jensen (Frp) opna for å overføre skatteinnkrevjaren frå kommunane til staten, bad ho også Skatteetaten om "vurdere sin eigen kontorstruktur". Venstre og KrF lovar å stoppe skatteinnkrevjar-sentraliseringa i Stortinget. Men skattekontorkutta rullar vidare.
– Leikanger og Førde er sikre. Alle dei andre kontora (i fylket) er dermed usikre. Det vil seie Florø, Nordfjordeid, Måløy, Årdal, Sogndal og Fjaler.
– Kvifor er Førde og Leikanger trygge?
– I forslaget om å flytte skatteoppkrevjaren frå kommunane til staten, var det berre desse to kontora som vart nemnt som mottakar. Då kan vi gå ut ifrå at resten ikkje er tenkt å eksistere i framtida.
- Les også:
Skatteetaten vil ikkje la seg intervjue om saka. Senior kommunikasjonsrådgjevar Anette Bjerke skriv i ein epost til NRK:
– Vi ønskjer ikkje å stille til intervju om utgreiinga fordi det ikkje er noko vi kan opplyse om dette arbeidet før det er overlevert Finansdepartementet i mai. Prosessmessig er det ikkje anna å seie enn at arbeidet går føre seg i tett dialog med regionane og tilsetteorganisasjonane.
Utfordrar lokalpolitikarane
Hersdal og fagforeininga seier difor at lokalpolitikarane no må ta kampen.
– Viss ingen presser på, vil vi heller ikkje oppnå noko.
– Vi er ikkje motstandarar av å bli meir effektive. Det kravet har vi hatt på oss i nesten 20 år. Men vi ser ei utarming av distrikta der det blir færre og færre på dei lokale skattekontora. Vi meiner folk skal få lov til å jobbe der dei bur.
Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) i Flora vil ta kampen.
– Eg likar det dårleg. Dette føyer seg inn i rekkja av nyhende frå Oslo om meir robuste einingar og meir sentralisering. Eg meiner vi har mista nok statlege arbeidsplassar i min kommune, iallfall.
– Kva tenkjer du om at det er di eiga regjering som står bak nok eit sentraliseringsforslag?
– Det går føre seg ein storstilt sentraliseringsprosess i landet uavhengig av kven som i regjering. Eg likar det like dårleg, same kven som styrer.
– Vi skal handsame denne saka politisk, og eg reknar med vi kjem med ein klinkande klar høyringsuttale om at dette ikkje er vegen å gå, seier Flora-ordføraren.