NRK Meny
Normal

Her skulle det vore målpassering i helga

– Dei som aldri før har vore med på Skåla Opp har sjansen no. I år blir det ein langt lettare tur, med berre vel 1.100 høgdemeter.

Skålatårnet 11. august

SNØ: Stien til Skålatårnet er no dekt av 20–30 centimeter snø. Med nedbøren som er meldt fredag og laurdag føremiddag tek ikkje arrangørane sjansen på å sleppe deltakarane heilt til toppen.

Foto: Bjørn Vike

Det seier Erik Brendefur i motbakkeløpet La Sportiva Skåla 1848 meter rett opp. For eit snølag på mellom 20 og 30 centimeter ved Skålatårnet gjer at målgangen blir flytta 700 høgdemeter lenger ned.

– Søndag var det bart frå Tjugen til toppen. Då er det kjedeleg at det no ligg snø heilt ned på 800 høgdemeter. Allereie i skaret møter folk på 15–20 centimeter snø, seier Brendefur.

Omsyn til tryggleiken

Erik Brendefur

SKUFFA: Erik Brendefur i Skåla Opp ville helst sett at dei vel 1.500 påmelde fekk fullføre dei 1.848 høgdemeterane til Skålatårnet. Men vêret vil det annleis ...

Foto: Silje Guddal / NRK

Kring 1.500 deltakarar er påmelde til motbakkeløpet som blir arrangert for 15. gang i helga.

Og det er første gang at dei skal gå i mål ved Skålavatnet.

– Vi ynskte sjølve å køyre løpet heilt opp, men av og til spelar naturen oss eit puss. Det har den gjort no. Då tek vi alle forholdsreglar i samråd med Røde Kors og andre i juryen. Av tryggleiksmessige omsyn har vi funne ei fornuftig løysing, seier Brendefur.

Høgare pengepremie

Av omsyn til overnattingskapasitet let det seg ikkje gjere å flytte arrangementet til neste helg.

Skåla Opp blir elles som før, med unntak av pengepremiane. Arrangørane gir 35.000 kroner til vinnaren, og 85.000 kroner i tillegg for løyperekord.

– Der tek vi ei vurdering i kveld. Vi kunne brukt mellomtida som målepunkt, men målgang blir litt høgare. Truleg vil vi sette høgare pengepremie til vinnaren, seier Brendefur.

Vegopning på Bergum i Førde kommune