Hopp til innhold

Vinnaren av Skåla Opp 2015

Amerikanske Joseph Gray var raskast Skåla opp i dag. Han gjorde unna dei 1848 metrane lange løpet opp på Skåla på 1.09.01.

Amerikanske Joseph Gray var raskast Skåla opp i dag. Han gjorde unna dei 1848 metrane lange løpet opp på Skåla på 1.09.01.

VINNAR: Joseph Gray (USA).

– Det var ei bra løp, og eg er svært nøgd resultatet, seier Gray like etter han sprang over målstreken i dag.

Dagens løp er det 14 i rekka av Skåla opp. Med smått og stort var nærare 2000 personar påmelde til det populære motbakkeløpet.

– Det var litt meir snø enn då eg sprang her i fjor, men forholda betyr ikkje så mykje. Det viktigaste er å få konkurrere med dei beste, seier Gray

Med tida 1.09.01. la han konkurrentane bak seg i den bratte løypa opp på Skåla. Ein av dei som måtte sjå seg slått av amerikanaren var fjorårsvinnar Jonathan Wyatt frå New Zealand.

Berga familieæra

Derimot berga kona Antonella Confortola Wyatt familieæra og vann kvinneklassa.

– Eg er glad, glad for å kunne vere tilbake her etter fire år, seier ei litt andpusten Antonella Confortola Wyatt etter å ha kryssa målstreken.

Jonathan Wyatt (New Zealand) og Antonella Confortola Wyatt (Italia)

SKÅLA OPP: Jonathan Wyatt (New Zealand) og Antonella Confortola Wyatt (Italia).

Foto: Silje Guddal / NRK

Under "The European Race" i juli skada ho hamstringsmuskelen.

– Dette er det første løpet etter skaden og er veldig godt nøgd.

– Også mannen din deltek i dag?

– Han hadde eit hardt løp førre helg og hamna på 4.-plass i dag. Han sa han hadde litt tunge bein. Men alt i alt er godt å vere tilbake her i lag.

Beste nordmann

Med ein andreplass, berre tretten sekund bak vinnaren, vart Stian Angermund-Vik beste nordmann i herreklassen.

– Det gjekk over all forventning, eg hadde ikkje trudd det skulle gå så bra. Tida 1.09.14 er solid pers, seier han.

Johan Bugge og Stian Angermund-Vik

GODE VENER: Johan Bugge og Stian Angermund-Vik kapra tredje og andreplassen.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Han skryt av konkurrentane, som han etterkvart har blitt godt kjent med etter å ha konkurrert mot dei ved fleire høve den siste tida.

– Det er eit vanvittig bra felt og masse trivelege løparar. Det er gøy å springe med så hyggjelege og gode folk. Og han Joe Gray sprang berre heilt fantastisk i dag, seier Vik.

Resultat

Damer

  1. Antonella Confortola Wyatt, Italia 1.23.19
  2. Laura Orgue, Spania 1.24.45
  3. Anita Håkenstad Evertsen 1.27.56

Herrar

  1. Joseph Gray, USA 1.09.01
  2. Stian Angermund-Vik 1.09.14
  3. Johan Bugge 1.10.43