Hopp til innhold

Skåla Opp og forbundet samde etter konflikta: No kan toppløparane delta neste helg

I ei pressemelding måndag kveld opplyser motbakkeløpet Skåla Opp og Noregs Friidrettsforbundet at dei har kome til semje etter konflikten dei har vore i den siste månaden.

Thorbjørn Ludvigsen raskaste nordmann i Skåla Opp

KAN DELTA: Både motbakkeprofilen Torbjørn Ludvigsen og andre toppløparar kan no delta etter at forbundet og arrangøren har løyst konflikten dei har stått i den siste tida.

Foto: Jan Erik Sandbakk

– Vi har hatt samtalar med Noregs Friidrettsforbund, og funne ut at det beste er at vi inngår eit samarbeid. Så vi føyer oss etter idretten sine spelereglar fullt ut frå neste år, og inngår eit kompromiss i år, seier leiar i Skåla Opp, Erik Brendefur til NRK.no.

I starten av juli sa Norges Friidrettsforbund at løparar som vel å delta på Skåla Opp i Loen, ikkje kan bli uttekne til EM eller VM i motbakkeløp. Bakgrunnen er at Skåla Opp i år ikkje vert arrangert av ein klubb tilslutta Norges Friidrettsforbund.

Tidlegare har Loen Idrettslag vore medarrangør av Skåla Opp. Men dette gjekk arrangøren vekk frå i år, og dermed er ikkje Skåla Opp underlagt IAAF og Norges Idrettsforbund sitt konkurranse- og dopingregelverk. Skåla Opp vert i år arrangert av Loen Active og Alexandra Hotell.

Alle kan springe i år

Men no har dei to partane altså kome til eit kompromiss for årets versjon.

– I år er alle løparane velkomne, boikotten er oppheva frå forbundet si side. No ser vi fram til neste helg, med snart 1700 påmelde. Det ligg an til eit kjempearrangementet, seier Brendefur

Det vil seie at også konkurranseutøvarar som vil springe internasjonale konkurransar kan delta i Skåla Opp.

– Ja, boikotten er oppheva. Så både Torbjørn Ludvigsen, Mai Britt Buer, Kirsten Marathon Melkevik og eventuelt landslagsutøvarar i langrenn og skiskyting kan no delta her, og samtidig ha internasjonale oppdrag.

– Alle er hjarteleg velkomne til årets Skåla Opp, seier Brendefur.

– Trur det er til det beste

Leiaren for motbakkeløpet legg ikkje skjul på at forhandlingane har vore tøffe og at dei har måtta gi.

Han seier at alle saker har to sider, og at dei kanskje kunne fått ei betre avtale, men at dei er nøgde med at motbakkeløpet og forbundet no er samde.

– Det skaper arbeidsro føre arrangementet. Det er veldig greitt å setje fullt fokus på Skåla Opp som arrangement og ikkje halde på å diskutere andre ting.

Brendefur ønsker no å sjå framover.

– Dersom vi ser fleire år fram i tid, har vi vel innfunne oss med at Skåla Opp er eit idrettsarrangement. Vi får følgje dei reglane som vert vedtekne. Sjølv om vi ikkje er samde i alt, så er det klart det er ei blanding av konkurranseidrett og mosjon.

– Vi håpar og trur at avtalen skal vere til det beste, både for konkurranseløparar og mosjonistar.