Hopp til innhold

Buer og Melkevik er i tenkjeboksen - har ikkje bestemt seg for Skåla Opp

To av Norges fremste motbakkedronninger, May Britt Buer og Kirsten Maraton Melkevik, håpar i det lengste at situasjonen med Skåla Opp og Friidrettsforbundet skal løyse seg.

Melkevik og Buer

TENKJER: F.v. Kirsten Marathon Melkevik og May Britt Buer hadde gjerne sett at dei slapp å velje mellom Skåla Opp og VM.

Foto: Magne Bergset/Tale Hauso / NRK

May Britt Buer sit i utøvarutvalet i Friidrettsforbundet og tykkjer situasjonen i Skåla Opp er trist.

– Det er veldig trist at vi som utøvarar må ta eit val mellom to så viktige løp, seier Buer, som spring for Gular.

Må velje Skåla Opp eller VM

Torsdag kveld presiserte Norges Friidrettsforbund at løparar som vel å delta på Skåla Opp i Loen, ikkje kan bli uttekne til EM eller VM i motbakkeløp. Bakgrunnen er at Skåla Opp i år ikkje vert arrangert av ein klubb tilslutta Norges Friidrettsforbund.

Tidlegare har Loen Idrettslag vore medarrangør av Skåla Opp. Dette gjekk arrangøren vekk frå i år, og dermed er ikkje Skåla Opp underlagt IAAF og Norges Idrettsforbund sitt konkurranse- og dopingregelverk. Skåla Opp vert i år arrangert av Loen Active og Alexandra Hotell.

Medan Anti Doping Norge fritt og umeldt kan dukke opp på arrangementet og teste utøvarar i konkurranseklassane i løp som er underlagt desse regelverka, kan dei ikkje gjere det i årets Skåla Opp.

Anti Doping Norge er eit frittståande kontrollorgan, og bestemmer sjølve når og viss dei dukkar opp på eit arrangement for å kontrollere utøvarar.

Er eit løp som passar Buer godt

Motbakkeprofil Thorbjørn Thorsen Ludvigsen signaliserte til NRK søndag at han ikkje kjem til å stille i Skåla Opp, men vil heller satse på VM. Han var klar på at spesielt det som går på doping har vege tungt når han skulle ta ei avgjerd.

Buer har delteke i Skåla Opp i mange år, ikkje minst fordi løpet passar løpsteknikken hennar godt.

Førde Opp 2013 vinnar

SEIER NEI: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen har bestemt seg for å ikkje stille i Skåla Opp.

Foto: Tale Hauso / NRK

– For meg er Skåla Opp kanskje det viktigaste løpet i sesongen fordi det er eit løp som passar meg veldig bra. Eg likar løpet veldig godt, og det er eit løp der familien kan vere med, seier Buer, og legg til at løpet i Loen har vore viktig for henne.

– Skåla Opp har betydd veldig mykje for meg. Det var eitt av dei første løpa eg var med på, og eg har omtrent vore med kvart einaste år etter det. Det har vorte ein viktig del av sesongen min, seier Buer.

Ho er informert om at ho er aktuell for VM-uttak, men har førebels ikkje meldt seg av Skåla Opp.

– Sjølvsagt er VM også stort. Det å få sjansen til å springe i VM er noko eg har veldig lyst til. Det er trist at ein må velje mellom såpass viktige løp, seier Buer.

Hadde håp om ny pers på Skåla Opp

Buer er framleis i tenkjeboksen.

– Eg håpar på at det kan vere moglegheiter for ein dialog med Skåla Opp-arrangøren og at dei kanskje kan endre på dette. Eg håpar både vi som utøvarar og forbundet kan få til. Før det er prøvd, vil eg ikkje komme med nokon konklusjon, seier Buer.

Friidrettsforbundet har, ifølgje Buer, ikkje komme med ein frist for når løparane må seie ifrå om Skåla Opp-deltaking for å vere aktuelle for VM.

May Britt Buer

TRIST: May Britt Buer håpar i det lengste at situasjonen løyser seg. Ho har framleis ikkje bestemt seg for om ho å droppar Skåla Opp.

Foto: Anne Jenny Dvergsdal

– Eg trur dei vil sjå når Skåla Opp er avvikla og så tek dei det derifrå. VM er 13.–14. september, så det er framleis tid etter Skåla Opp til å bestemme kven som får bli med og ikkje, seier Buer.

Buer frykta i fjor at sesongen var over då ho måtte få skore opp heile låret for å få reparert ein roken muskel. Men ho kom sterkt tilbake i august då ho deltok på Skåla Opp.

– Det var det første løpet etter skaden, og då gjekk det veldig bra. Eg persa med to og eit halvt minutt, så det var veldig kjekt. Eg hadde jo håp om å kanskje setje ny pers i år, men no får vi sjå, seier Buer.

Er tryggleik i å vite at ein kan verte testa

Ho ser alvorleg på at Skåla Opp ikkje ligg inn under dei reglar som gjeld i Friidrettsforbundet, og at løparane dermed ikkje kan testast for doping av Anti Doping Norge.

– Det er eitt av dei viktigaste argumenta, iallfall for oss som utøvarar, at dei bør følgje den vanlege arrangørmåten med å ha eit idrettslag i ryggen, seier Buer.

Ho peikar på at for utøvarane betyr det mykje å vite at ein kan verte testa.

– Du føler deg ganske naken når du kan garantere at folk kan stille i eit slikt løp, vel vitande om at det er garantert at dei ikkje kan bli testa, seier Buer.

Ho peikar på at store pengepremiar kan få folk til å ta ukloke val.

– Det er eit løp med store premiar og det trekkjer mange utanlandske utøvarar i tillegg til nordmenn. Mange utøvarar kan ofre ganske mykje for å få tak i slike premiar. Då er det ein tryggleik å vite at dopingkontrollørane kan dukke opp umelde, seier Buer.

Trist at løparane blir ei brikke

Ho peikar på at det godt kunne vore fleire dopingkontrollar, noko også motbakkeløpar Thorbjørn Thorsen Ludvigsen har ytra ønske om.

– Dei har ikkje vore så ivrige inn mot motbakkeløp. Eg hadde sett at dei hadde dukka opp oftare. Sjå berre kor ofte dei dukkar opp innan langrennsidretten, seier Buer.

Kirsten Maraton Melkevik (44) har landa på same standpunkt som Buer, enn så lenge.

Kirsten Marathon Melkevik vann dameklassa på Storehaugen Opp 2013

TRIST: Kirsten Marathon Melkevik har vunne fleire av motbakkeløpa i Sogn og Fjordane. Ho har framleis ikkje bestemt seg for om ho stiller i Skåla Opp.

Foto: Jan Christian Jerving

– Eg er ein mosjonist som likar å springe og ha det kjekt. Eg har lyst på både Skåla Opp og VM, så dette tykkjer eg er veldig trist, seier Melkevik.

Ho håpar i det lengste at situasjonen løyser seg, slik at utøvarane slepp å velje.

– Eg har ikkje konkludert endå. Men det er trist at løparane vert brukte som ei brikke i dette. Men vert ting ståande slik dei står no, lyt eg ta eit val, seier Melkevik.