Hopp til innhold

No skal dei sjå på dei mest rasutsette vegane på nytt

Vegvesenet skal gjere nye vurderingar av rasfaren på dei mest rasutsette vegane i Sogn og Fjordane. Askvoll-ordførar Frida Melvær håpar det sender fylkesveg 609 forbi Heilevangfjellet oppover på prioriteringslista.

Fylkesveg 609 ved Heilevang

VIL FRAMSKUNDE SIKRING: Askvoll-ordførar Frida Melvær vil ha framskunda rassikring ved Heilevang på fylkesveg 609.

Foto: Steinar Bråstad

På fylkestinget si prioriteringsliste over rassikring av vegar er Heilevangsfjellet på 6. plass.

Men lista er basert på tre år gamle risikovurderingar, og innan sommaren skal Vegvesenet har klart ei oppdatert risikovurdering av alle dei mest rasutsette vegane i fylket, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

I løpet av første halvår i år skal Vegvesenet ha klar oppdatert risikovurdering av dei mest rasutsette vegane i fylket.

Har faste kriterium

Då fylkestinget i desember i fjor vedtok prioriteringslista for rassikring, brukte dei risikovurdering frå 2011.

Spørsmålet no er om noko av dei faste kriteria som blir bruk ved slik vurdering, har forandra seg, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Åshild Kjelsnes

SKAL SJÅ: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier fylkestinget kan omgjere prioriteringslista viss forholda tilseier det.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det er faste kriterium vi ser på. Det er mellom anna frekvens, årsdøgntrafikk noko anna og talet på stengingar, talet på naboras og liknande. Desse tala skal vere så nye som mogleg for å få med seg om det har vore ei endring i nokon av desse parametra. Vi skal få tala i løpet av første halvår i år, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkestinget vedtok i desember prioriteringslista for rassikring av vegar dei komande 10 åra der Veitastrondi er på førsteplass, deretter Lånefjorden, Flovegen i Stryn, Jåteli i Årdal, Esefjorden – og på 6. og 7. Heilevangsfjellet i Askvoll og Arnafjorden i Vik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Meiner frekvensen har auka

Spesielt vegen forbi Heilevangsfjellet har hatt mange steinras siste tida, og geolog-rapportane dokumenterer aukande rasaktivitet, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær.

– For Heilevang sin del så har rasfrekvensen auke monaleg sidan 2010, seier Melvær.

Askvoll-ordførar Frida Melvær

HAR VORE TOLMODIGE: Askvoll-ordførar Frida Melvær meiner folk langs Førdefjorden har vore tolmodige lenge.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ho er difor nøgd med at Vegvesenet alt i vår skal ha klar ferske risikovurderingar og håpar eventuell auka dokumentert risiko på denne vegen, vil føre denne vegen høgre opp på prioriteringslista.

– Mitt mål som ordførar er å få sikra Heilevang så raskt som råd, seier Melvær.

Meiner nok er nok

Fylkesordføraren ser også at dersom fakta endrar seg, kan ein måtte sjå på prioriteringane før den normale rulleringa av planen kjem i 2017.

– Viss det viser seg at det er store endringar, så lyt vi sjå på det på nytt. Det har fylkestinget høve til å gjere. Viss ein skal gjere endringar, så må det vere basert på fakta, seier Kjelsnes.

Askvoll-ordføraren vil ha framgang i saka så raskt som råd.

– Eg opplever folk langs Førdefjorden som veldig tolmodige folk. Dei har vore ekstremt tolmodige når det gjeld Heilevang. Men no er nok, seier Melvær.