Hopp til innhold

Skal overvake fjellet Stampa døgnet rundt

AURLAND (NRK): NVE skal innføre den strengaste forma for flodbølgesikring på fjellet Stampa ved Flåm. Eit ras i fjellet kan utløyse ei flodbølge på opp mot åtte meter i eit område med mykje folk.

Geolog Blikra over Stampa

INSPISERER: Geolog Lars Harald Blikra inspiserte fjellområdet Stampa i morgontimane i dag

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Fjellet beveger seg om lag ein centimeter i året, og no vil vi overvake ein del av det kontinuerleg. Det seier geolog i NVE, Lars Harald Blikra.

Frå før er det kjent at fjellet Stampa beveger på seg, og at i verste fall kan rase ut og gje ei flodbølge. No har nye modellar synt at faren er endå større enn ein tidlegare trudde, og overvaking og varslingssystem vert no trappa opp.

Lars Harald Blikra

UROLEG: Lars Harald Blikra i NVE fortel at fjellet Stampa beveger seg 1 centimeter i året.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Den biten av fjellet som rører på seg er litt over 300 000 kubikkmeter, og om det skulle rase ut ville det få store konsekvensar. I modellane til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) opererer ein med flodbølgjer som kan bli opp mot åtte meter høge innover Aurlandsfjorden.

Sjå video frå fjellområdet:

NVE startar kontinuerleg overvaking av fjellet Stampa i Aurland i Sogn. Deler av fjellet kan rase ut og danne ei flodbølgje som vil treffe turistbygda Flåm i Sogn.

– Vi ønskjer å skape meir tryggleik for befolkninga som er i faresona for ei flodbølgje. Fjellet ligg så tett opp mot Flåm at ein vil få bølgjer innover sentrumsområda ved eit eventuelt ras, seier Blikra.

Stampa

RØRER PÅ SEG: Fjellet Stampa i Aurland kommune beveger seg om lag 1| centimeter kvart år

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Veldig mykje sprekker

Geologen forklarer at det aktuelle fjellområdet er både ustabilt og lite fast.

– Fjellet består av felittbergart, som er veldig svakt. Det er mykje sprekker, og som sagt ein del bevegelse. Ein centimeter høyrast ikkje så mykje ut, men eit slikt fjell skal eigentleg stå i ro.

stampa

NVE overvaker utrygge fjellområde i heile landet, og stort sett nøyer dei seg med det dei kallar periodisk overvaking. Ved å rekne ut kor mange folk som er i faresona ved ein flodbølge, har dei ved Stampa likevel kome fram til at det ikkje er nok.

I tillegg til at fjellet skal vere under overvaking døgnet rundt, vert det også bygd ut nye varslingssystem som skal gje folk beskjed med ein gong det er fare for flodbølge.

Glad ordførar

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, er strålande fornøgd med at det utrygge fjellet no vert sikra døgnet rundt.

– Dette er svært positivt, og det har vore ei prioritert oppgåve for oss å få på plass eit system som ivaretek tryggleiken til innbyggjarane våre, seier Distad.

Distad fortel at Stampa har vore ein verkebyll for Aurland kommune lenge.

Noralv Distad
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har vore mange vurderingar av fjellet gjennom tidene, og konklusjonane har vore motstridande. Difor er det gledeleg at vi no får på plass ei kontinuerleg overvaking, og eit skikkeleg varslingssystem.

Ordføraren er også glad for at aktiviteten i kommunen elles kan gå som normalt vidare.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen blei det brukt tal på opp mot 80 meter på ei eventuell flodbølgje. Dette talet gjeld om heile fjellet skulle rase ut. Det mest trulege scenarioet er at fremre del av fjellet ein dag kan rase. NVE seier dette kan føre til ei flodbølgje på opp mot åtte meter.