etter at styret tidlegare i haust sa nei ti å gå inn på eigarsida i det planlagde SeaWalk-prosjektet i Eid.
– Vi har i dag bestemt oss for å gå nye rundar med Nordfjord Havn, for å sjå kva avtalar vi kan kome fram til, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.
Kommunen har på si side bestemt seg for å gå vidare med cruisekai-planane uavhengig av økonomisk medverknad frå Nordfjord Havn.
– Vi vil no sette oss ned saman med styret i Nordfjord Havn for å sjå om vi kan få til eit avtaleverk som både gjer det mogleg å realisere SeaWalk i Eid som eit sjølvstendig prosjekt med sjølvstendige inntekter, samstundes som vi er med i eit interkommunalt samarbeid, seier Bjørlo.
Urettvist
Bjørlo seier dei opplever det som urettvist at Eid kommune gjennom Nordfjord Havn er med å støtte utbyggingar i andre kommunar, men får nei til lang mindre investeringar i eigen kommune, frå det same hamnestyret.
I dag er det slik at slikt at deler av inntektene frå hamnene går inn i felleskassen til. Dersom Eid skal finansiere utbygging sjølv, utan hjelp frå Nordfjord Havn, vil dei heller ikkje gi frå seg inntekter frå kaien.
– Seier Nordfjord Havn nei til å vere med på eit godt prosjekt i Eid, så kan dei heller ikkje i neste omgang forvente å få del i inntektene, seier Bjørlo.
Styreleiar Elisabeth Elliot seier at Nordfjord Havn ynskjer å ha med Eid som eigarkommune også i framtida.
–Vi vil no gå i dialog med kommunen for å prøve å kome fram til ein avtale, som kan løyse den situasjonen vi har kome i, seier Elliot.
Opp i kommunestyret
Torsdag skal saka opp i kommunestyret
– Vi kjem ikkje til å fatte noko vedtak om å melde oss ut på torsdag. Men vi må bestemme oss for korvidt vi skal gå vidare med utmeldingsprosessen, eller om vi skal sjå kva vi kan få til av løysingar med Nordfjord Havn, seier Bjørlo.