Hopp til innhold

Vurderer utmelding i protest mot SeaWalk-nei

– No er det høgaktuelt å melde seg ut frå Nordfjord Hamn, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Utspelet blir møtt med forståing hos styreleiar Elisabeth Elliott.

Alternativ cruisekai

SPLID: Nordfjord Havn sitt nei til å vere med på eigarsida betyr ikkje noko for den planlagde SeaWalken, men det får eidarane til å sjå raudt.

Foto: ECS Harbour Development

Måndag gjekk styret med seks mot ei røyst inn for å ikkje gå inn på eigarsida i det planlagde SeaWalk-prosjektet i Eid.

Eid-politikar Sigurd Reksnes (Sp) var den einaste som følgde den klåre tilrådinga frå hamnesjefen.

– Det er tilsynelatande andre spelereglar for prosjekt i Eid, enn i andre medlemskommunar, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Skuffa og overraska

Alfred Bjørlo

SKUFFA: Politikarane har to gonger før fatta vedtak om å vurdere utmelding av Nordfjord Havn. – Det er høgaktuelt no. Eg føler det ikkje er eit selskap der det er same spelereglar for alle kommunane som er med, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordføraren presiserer at vedtaket ikkje får noko betydning for cruisekaien som prosjekt. Det er fullfinansiert og rullar vidare.

Men Bjørlo vedgår at han er både skuffa og overraska over at styret gjekk i mot «ei krystallklar» tilråding frå hamnedirektøren.

– Vi har i mange år lojalt støtta opp, vore med å tatt opp store låneopptak og støtta store investeringar. Vi har vore med på å byggje opp industrihamnkapasiteten i Måløy, fordi vi meiner det er eit viktig prosjekt for heile regionen, seier Bjørlo.

Ventar støtte tilbake

– Men vi har også sagt at vi ventar den same støtta når det dukkar opp gode prosjekt i Eid som vil vere med å utvikle regionen, held ordføraren fram og legg til:

– Når det dukkar opp mindre prosjekt, med mindre investeringsbeløp enn andre stadar, med stor privat investeringsvilje og eit prosjekt Nordfjord Havn sin eigen hamnesjef seier ein bør vere med på, då ventar ein litt vilje til å vere med på noko tilbake.

Har forståing

Styreleiar i Nordfjord Havn, Elisabeth Elliott, har forståing av at Eid kommune vurderer kva utbyte dei har av å vere med i tilslutninga.

– Det er ei vurdering som kvar eigarkommune står fritt til å gjere, seier ho og understrekar at vedtaket måndag var av økonomiske omsyn.

Nordfjord Havn har starta tre store prosjekt som ein per no ikkje har full kostnadsoversikt for. Desse er knytt til cruisekaien i Olden og Barstadvika og Trollebø utanfor Måløy.

– Må få oversikt

Per no har Nordfjord Havn ei lånegjeld på kring 110 millionar kroner. Låneramma er på kring 200 millionar kroner.

– Vi har vedteke i vår strategiske hamneplan at låneramma ikkje skal nyttast fullt ut. Difor meinte styret at vi må få oversikt og få ferdigstilt prosjekta som er starta, før vi kan vurdere å investere i nye prosjekt, seier Elliott.

– Men 8,5 millionar blir ikkje det store beløpet i det store biletet?

– Det er ikkje det store beløpet, men vi har ei øvre låneramme å halde oss til. Det er allereie nytta ein stor del av ramma, og då er det styret som skal forvalte attståande del på ein best mogleg måte.