Hopp til innhold

Skal bestemme seg i dag

Spekulasjonane rundt fotballframtida til Rune Bolseth går mot slutten: I dag gir han svaret på kor han spelar neste sesong.

Rune Bolseth
Foto: Sander Heggheim/NRK

- Eg skal svare Sogndal i dag. Det blir sikkert ettermiddag eller kveld, skriv Rune Bolseth i ein SMS til NRK Sogn og Fjordane.

Bolseth hadde i sommar tilbod om ny kontrakt med Sogndal Fotball, men takka då nei.

Etter sesongen skal han ha hatt tilbod frå Hønefoss og Kongsvinger - i tillegg til Sogndal - og mange har spekulert i kor den viktige midtbanespelaren kjem til å spele fotball neste sesong.

Etter sesongen hadde Sogndal ti spelarar med kontraktar som gjekk ut - og ein av desse var Rune Bolseth.

Klubben har til no henta inn tre nye spelarar i troppen til neste år. Desse er Joakim Rudolfsen frå Mo, Mohammed Cisse frå Raufoss og Tommy Øren frå Ham-Kam.