-Stian er på mange måtar heile OL-troppa sin maskot. Vi er veldig glade i han. Difor er dette svært vanskeleg, sa toppidrettssjef Bjørge Stensbøl då dopingsaka kom for ein dag i Sydney.
Den jordnære naustedølen har også blitt svært populær på heimebane. Det beste beviset på at sunnfjordingane elskar sin Stian, er Stian Grimseth Cup som fleire gongar har trekt over 1000 elleville tilskodarar i Førdehuset. Trass i suksessen og den store populariteten har tungvektaren aldri blitt noko anna enn ein rotekte naustedøl.
Medan andre fjordingar og sogningar har eit lag med å legge om dialekten når dei flyttar til Oslo, så må også Grimseth si evne til å halde på dialekten ha vore til stor åtgaum for målentusiastane. Også turistbransjen har hatt mykje å takke naustdals-bamsen for. Media frå heile landet har fulgt Grimseth og dei andre verdstoppane fylket rundt, og presentert deira møte med den vakre naturen i distriktet.
Sportsleg har det derimot ikkje gått berre oppover. Høgdepunktet i karriera er EM-tittelen i rykk i Stavanger i 1996. Året etter kopierte han bragden i Kroatia, der han også fekk bronse samanlagt. Etterpå har han stort sett vore uheldig. Nokre meisterskap har han mista på grunn av skade, og i andre har han rett og slett ikkje oppnådd suksess.
Det beste eksempelet på det siste er VM i Hellas i fjor. Då vart Grimseth nummer 7 - slått av fleire heilt ukjende løftarar. Han gjekk aldri ut med mistanken, men det er ingen tvil om at han sjølv trudde fleire av desse måtte ha dopa seg til suksessen. I dag er det altså han sjølv som har avlagt positiv prøve.