Hopp til innhold

Sjukehusforkjempar feira i dag

Janne Endal Andersson feira anestesiløysinga for Nordfjord Sjukehus saman med familien.

Lukas, Selma, Janne Endal Andersson, Elisa og pappa Mats Andersson.

FLAGGA: Janne Endal Andersson feira anestesi-løysinga for Nordfjord sjukehus saman med familien. Frå venstre Lukas, Selma, Janne Endal Andersson, Elisa og pappa Mats Andersson.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For oss handlar dette om bulyst. Det å kunne gje oss sjølv og ungane våre ei framtid med nærleik til det ein treng, seier Mats og Janne Endal Andersson.

Dei har begge kjempa hardt for sjukehustilbodet på Nordfjordeid, og dei vonar at ei sikring av anestesien vil gje sjukehuset det naudsynte løftet for framtida.

Svært nøgde

Etter lange forhandlingar bestemte den raudgrøne regjeringa seg måndag kveld for kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. For Nordfjord sjukehus betyr det at dei får behandle anestesitenestene, noko folk i Nordfjord er svært nøgde med.

Pressekonferanse i kveld

På eit møte på Nordfjordeid i kveld, vil Medisinsk faggruppe i Nordfjord leggje fram eit dokument der dei hevdar at situasjonen med risiko for ei framtidig nedlegging av Nordfjord sjukehus som grotesk.

NRK.no kjem attende med meir frå møtet.