Hopp til innhold

Sjuke eitt år etter eksplosjon

Halvparten av dei som vart sjuke etter Vest Tank ulukka, slit framleis med hovudpine og kvalme.

Ryddearbeid ved Vest Tank

Ryddearbeid ved Vest Tank.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Folkehelseinstituttet meinte helseplagene i Gulen skuldast stress og usikkerheit etter Vest Tank-ulukka. Denne veka leverer kommunelege Tommy Normann rapport til styresmaktene om framleis helseplager.

LES OGSÅ: Eksplosjon i suksessbedrift

- Det går mest på kvalme, hals, auge og generelt ubehag, seier Normann.

- Blir uvel og kvalm

Kommunelegen vonar at rapporten får styresmaktene til å gjere nye undersøkingar av helseplagene - og at det blir fortgang i å fjerne 400 tonn avfall som framleis ligg ved anlegget i Sløvåg. Det er dette avfallet som på varme dagar gjev i frå seg stygg lukt.

LES OGSÅ: 400 tonn avfall ligg att

- Når lukta kjem, så kjem kvalmen snikande. Då blir eg uvel og kvalm, seier Ingrid Ringereide. Ho er ein av dei som har vore sjuke sidan i fjor.

Fryktar kreft

Jan Alexander i Statens Institutt for Folkehelse seier han ikkje vil kommentere saka før han har lest rapporten frå kommunelegen i Gulen. Heller ikkje Alexela Sløvåg har vore tilgjengeleg til å kommentere saka. Samstundes fryktar Bente Halsvik for langtidsverknadar for seg, mannen og fem ungar.

LES OGSÅ: Fjernar massane i Sløvåg

- Kreft liggjer sjølvsagt i bakhovudet og murrar. Vi er uroa for om ungane får etterreaksjon om nokre år, seier ho.