Sissel Vedvik var ei av sju kvinner som deltok på aktivitetsleiarkurset i Førde i helga, og ho reknar med at både ho og dei andre blir med vidare i kursopplegget til fotballkrinsen.
Er akseptert
Sissel Vedvik er trenar for eit av smågutelaga i Førde i tillegg til at ho trenar eitt av laga i grendaserien. Etter fleire år som trenar i klubben kjenner ho seg akseptert på linje med dei manlege trenarkollegane, men ho møter framleis ein del fordommar utanfor klubben, seier ho.
Krinstrenar Knut Almås leia kurset i Førde, og han meiner at slike kurs kan vere ein veg til å få fram fleire kvinnelege trenarar.