NRK Meny
Normal

Sju kommunar har brote fristane for saksbehandling av barnevernssaker

Gaular, Årdal, Lærdal, Aurland, Sogndal, Balestrand og Leikanger har samla 17 brot på saksbehandlingsfristar av barnevernsaker. Det likar fylkesmannen dårleg.

Bamse på stol

BRYT FRISTANE: Sju kommunar i fylket har brote saksbehandlingsfristar av barnevernsaker.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Barnevernslova seier at undersøkingar i barnevernssaker skal vere gjort innan tre månader og i nokre tilfelle kan utvidast til seks månader.

I alt 17 tidsfristbrot på denne lova er meldt inn, og Hanne Skei Veum hjå fylkesmannen ser alvorleg på brota.

– Fylkesmannen ser alltid alvorleg på brot i høve fristar som ein er pålagd å overhalde etter lov, seier rådgjevar hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hanne Skei Veum.

Svært uheldig for familiane det gjeld

– Det er jo ein grunn til at desse her har vorte bestemt i lova. Det er fordi born og foreldra deira skal få hjelp i rett tid, seier Veum.

Halvårsrapport frå kommunane i fylket viser at fleire av dei ikkje har gjennomført nødvendige undersøkingar i innan fristen på tre månader.

Fristen kan bli utvida til seks månader, men det er absolutte siste frist. Også desse er overskrive i nokre tilfelle. Dette er uheldig for ei familiane det gjeld, meiner Veum.

– Dette går utover barn som treng hjelp når hjelpa ikkje vert sett inn i tide. Men dette blir hypotetisk sidan ein ikkje går inn i kvar sak, seier Veum.

Kommunane må sjå på ressursane

Men ho understrekar at det er ein grunn til at reglane er som dei er.

– Det er fordi at sakene ikkje skal bli liggjande for lenge. Kvar einskild kommune må sjå på korleis dei nyttar ressursane, og om dei har nok ressursar, seier Veum.

Gaular er éin av kommunane som ikkje har klart å halde fristane.

– Eg ser det er veldig uheldig, og det er beklageleg, seier barnevernsleiar i Gaular, Idun Camilla Mjåset.

Måtte få inn vikarar for vikarane

Ho seier det er første gong dei har hatt tidsfristbrot og manglande resursar det siste året er årsaka.

– Vi måtte få inn vikarar for vikarar. Dei trengde først og fremst opplæring, samtidig som alle oppgåvene ved kontoret samtidig skulle bli gjort, seier Mjåset.

Ho legg til at ein no har rydda opp, og at ein håpar å unngå å komme i ein liknande situasjon igjen.

– Ein kan forstå at det skjer slike ting, men det betyr ikkje at ein ikkje skal reagere, seier Veum.


Vegopning på Bergum i Førde kommune