Hopp til innhold

Sjølvmål på Fosshaugane

Første mål på Fosshaugane i lokaloppgjeret mellom Sogndal2 og Fjøra, var eit sjølvmål av Sogndal2 sin keeper Tomasz Grabowski. Det kom etter 10 minutt.

Ein halv time ut i kampen utlikna Kenneth Kvalheim for Sogndal2, etter eit kjempelegg frå Ørjan Hopen. Like etter går Sogndal2 opp i leiinga med eit mål av Ulrik Flo. Sogndal sprang over forsvaret til Fjøra.

Like før pause utliknar Frode Kvam for Fjøra. Kvam nikka ballen i bakken og opp i nettaket.

Fjøra opna første omgang best, og hadde dei beste sjansane. Men etter sjølvmålet til Sogndal2 sin polske målvakt, tok SIL2 over, og utover i omgangen snudde dei kampen med to kjappe mål. Det stod 2 -2 til pause

I andre omgang datt Fjøra veldig. Det var tung bane med mykje regn, og ein kunne høyre surklinga opp på tribuna. Men Sogndal2 heldt koken. Ulrik Flo scora to mål for SIL2 i andre omgang. Første målet etter 53 minutt, og siste etter 65 minutt. Kampen enda 4 - 2 til Sogndal2.

Thriller i Florø

Også i Florø stod det uavgjort ved pause i sunnfjordoppgjeret mellom Florø og Førde. Florø sin Torstein Grytten skåra etter to minutt. Spelet bølga fram og tilbake, og begge lag hadde om lag like mange gode sjansar.

Etter 19 minutt utliknar Sander Solvik for Førde. Førde pressa godt på rundt utlikninga, og er nok det laget som hadde det beste spelet i første omgang.

Andre omgang i Florø vart ein thriller. Etter 71 minutt går Florø opp i leiinga med eit mål av Kurt Kurtzhals. Førde har det beste spelet utover i andre omgang også, og utliknar til 2 - 2 etter 86 minutt ved Sander Solvik.

Dei 10 siste minutta taper Førde seg. Etter utlikninga har Florø to kjempesjansar, og nesten fire minutt på overtid sparkar Henrik Bortheim inn sigersmålet for Florø. Kampen endar 3 - 2 til kystbyen.