Hopp til innhold

Gjekk du glipp av dette? Då må du komme deg ut i natt...

Mange stadar i landet har folk kunne nyte synet av eit tindrande klart nordlys som leika seg på himmelen i natt. Gjekk du glipp av det? Fortvil ikkje. Nye sjansar kjem raskt.

– Det har vore utruleg gode tilhøve for nordlys i natt, stadfestar vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga i Bergen, Anna Reistad.

Ho fortel at det mange stadar har vore mellom null og tre grader, einskilde stadar også minusgrader. Dét, i kombinasjon med klar himmel, er ein fulltreffar dersom ein skal ha håp om å få nordlys.

Må vere veldig klar luft

– For at ein skal sjå nordlyset må det vere veldig klar luft i kombinasjon med sterke magnetfelt frå sola, seier Reistad.

Sola sender ut ein straum av elektrisk lada partiklar. Denne straumen vert kalla for solvind. Dei lada partiklane som kjem mot jorda vert påverka av jordas magnetfelt, og det styrer partiklane mot eit ovalforma området omkring kvar av dei magnetiske polane.

Solvindpartiklane kolliderer med luftmolekyl i den øvre atmosfæren.

– Det er brytninga i atmosfæren som gir slikt lys, seier Reistad.

Jorda passerer gjennom eit «teppe»

Runar Sandnes frå Sandane tok turen til Utvikfjellet for å få fotografert nordlyset, noko han lukkast godt med.

Sandnes, som er hobbyastronom og fotograf, fortel at nordlysaktiviteten akkurat no skuldast eit fenomen som vert kalla «solar sector boundary crossing».

– Kort fortalt har sola ein magnetisk sør- og nordpol, akkurat som jorda. Magnetfeltet til sola strekkjer seg langt utover i solsystemet, og vi kan såleis tenkje oss at grensa mellom det magnetiske pluss og minusfeltet viklar seg rundt i rommet som eit stort teppe med masse folder, der vi har pluss på eine sida, og minus på den andre, forklarar Sandnes.

Det som skjer no er at jorda passerer akkurat gjennom dette «teppet».

– Det medfører at magnetfeltet til jorda responderer på denne endringa. Nokon gonger resulterer dette i eit flott nordlys, og i natt var føresetnadane til stades for eit flott lysshow, seier Sandnes.

Laurdag kjem regnet

Og det er slett ikkje utenkjeleg at du også dei neste to nettene vil få sjansen til å sjå noko like flott.

– Det er meldt same vêret dei neste to dagane, så her er det berre å nytte moglegheita. Og så må ein berre håpe at det ikkje er tåke. Og så må ein halde seg vaken ei stund, for ein veit aldri når magnetfeltet er som sterkast, seier Reistad.

Laurdag kjem eit lågtrykk innover fylket, og dermed er det slutt på den skyfrie perioden for ei stund.

– Det blir ganske tett med nedbør laurdag, men så minkar det noko søndag og måndag. Slik varselet ser ut no, kjem gråvêret til å halde seg til torsdag, seier Reistad.