Hopp til innhold

Ukjend givar sørga for Tesla-glede på barneavdelinga

FØRDE (NRK): Ingen veit kven som har gjeve den knallraude Tesla-modellen i gåve til barneavdelinga på Sentralsjukehuset i Førde.

Tesla foran juletreet på barneavdelinga

JULEMYSTERIUM: Barneavdelinga har fått sin eigen Tesla frå ein ukjent givar.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

I enden av korridoren på barneavdelinga på Førde sentralsjukehus står eit av dei mange juletrea dei har pynta med. Under det ligg det ikkje pakker, men derimot ein raud Tesla i miniatyr.

– Me aner faktisk ikkje kven som har gitt oss den, ler sjukepleiar Hanne Pettersen.

Teslaen dukka opp på sjukehuset ein dag, og dei har endå ikkje funne ut kven den anonyme givaren er.

– Den er veldig flott, og ungane likar den. Så me er veldig takksame over at nokon der ute gav den til oss.

Sjukepleiar Hanne Pettersen på barneavdelinga på Førde sentralsjukehus

TESLA UNDER JULETREET: Ingen gåver under treet, men ein mystisk Tesla er på plass. Ifølge Hanne Pettersen anar dei ikkje kven som har gjeve den.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle

Det er ikkje berre den mystiske Teslaen sjukehuset har fått frå gåvmilde personar rundt om.

– Me får julegåver frå stiftelsen Sjukehusbarn, og teppe frå NFI Førde til dei nyfødde som er innlagde. Så det ventar mange julegåver til dei borna som må bruka julaftan på sjukehuset.

Jobbar hardt for å skape julestemning

Julegåvene dei får kjem godt med. Hanne Pettersen fortel at avdelinga for tida er full av sjuke små.

– Me håpar det roar seg til neste veke når jula kjem. Det er klart det er sårt for borna å måtte vera her midt i all julekosen. Men me forsøker å gjere det beste ut av det.

Sjukepleiar Hanne Pettersen

SPREIER JULEGLEDE: – Me gjer det me kan for å skape julestemning på avdelinga, seier sjukepleiar Hanne Pettersen.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Dei tilsette på barneavdelinga gjer alt dei kan for å få til julemagi for borna. På avdelinga er det flust av juletre og adventstakar, og dei forsøker å ta med juletradisjonar inn til borna.

– På Luciadagen fekk me til dømes besøk frå ein barnehage som gjekk i Luciatog og song. Det vart veldig stemningsfullt for pasientane.

Julestemning med broten fot

På tv-rommet på avdelinga sitt nokre av dei som har enda opp med å bruke siste rest av adventstida på sjukehuset. Ein av dei er Peder Reme, saman med far Hogne Reme.

– Me hadde tenkt å kjøpe slalåmutstyr til han til jul, men det får me vente med til neste år, he he. Hogne Reme ser spøkefullt bort på sonen, som sit med den gipsa foten høgt.

Hogne Reme og Peder Reme på tv-rommet på barneavdelinga

FÅR GODT STELL: – Det har blitt keisame dagar, men me blir godt teke vare på, seier far Hogne Reme som er med sonen Peder på barneavdelinga.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Då det kom snø heime i Innvik gjekk det litt fort i akebakken, og resultatet vart brot på to stader og operasjon.
Men sjukehusopphaldet har gått greitt, til trass for at det er midt i julemånaden.

– Me får godt stell her, så det er ingenting å klage på, smiler Hogne Reme.

Han skryt av kor stemningsfullt personalet har laga det på avdelinga.

– Dei har pynta så flott, og me ser at dei prøver å lage det så fint som mogleg sidan det er jul.