Hopp til innhold

Sjå partiutspørjinga i nett-TV

Tysdag 23. august startar NRK Sogn og Fjordane si utspørjing av partitoppane framfor haustens fylkestingsval.

Noralv Distad
Foto: pressefoto, Høgre

I dag er det klart for den første partiutspørjinga i samband med fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane.

Her skal politikarane få svare for seg og vise seg verdige til å fortene di røyst.

Gjer comeback etter 20 år

Erlend Blaalid Oldeide leiar utspørjinga, og i dag kjem fylkesordførarkandidat Noralv Distad frå Høgre i studio.

Etter 20 år på sidelinja skal han gjere comeback i fylkespolitikken.

Førre gong vart han sett på som eit stjerneskot i fylkespolitikken. Sidan den gongen har dei færraste høyrt frå han.

Må gjere greie for paradoks

Høgre har gått til val på at dei vil fjerne fylkeskommunen, samtidig som Distad no vil prøve å bli øvste sjef same instans. Dette er eitt av paradoksa han skal svare for under utspørjinga.

I tillegg må han gjere greie for kva skular han vil kutte når elevtalet går kraftig ned dei komande åra.

Heile utspørjinga kan du sjå direkte her på våre nettsider. Den blir også tilgjengeleg som opptak.

Desse skal i elden i utspørjingane

Her er heile lista over kor tid dei forskjellige partia møter i studio:

  • Tysdag 23. august: Utspørjing Noralv Distad (Høgre)
  • Onsdag 24. august: Utspørjing Marit Barsnes Krogsæter (Venstre)
  • Fredag 26. august: Utspørjing av Trude Brosvik (KrF)
  • Måndag 29. august: Utspørjing av Norvall Nøringset (SV)
  • Onsdag 31. august: Utspørjing av Jenny Følling (SP)
  • Fredag 2. september: Utspørjing av Åshild Kjelsnes (Ap)
  • Måndag 5. september: Utspørjing av Frank Willy Djuvik (FrP)
  • Onsdag 7. september: Utspørjing av Gunnvor A. Sunde (Samfunnsdemokratane) og Ingunn Kandal (Raudt)
  • Torsdag 8. september: Kay Lise Løkeland (Kystpartiet) og Mindor Torheim (Kristent Samlingsparti)

Utspørjinga skjer på direkten i halvtimen mellom klokka 16.30 og 17.00 i ettermiddagssendinga. Den blir sendt direkte både i radio og på nett-TV.