Hopp til innhold

Sjå musikkperlene frå Julelutt som ikkje vart vist på TV

Den to timar lange Juleluttkonserten i Sogndal måtte klippast ned for å bli vist på NRK1. Men her kan du sjå gullkorn som ikkje kom med!

Unni Løvlid og Erlend Apneseth

STRÅLANDE JUL: Hardingfelespelar Erlend Apneseth og songar Unni Løvlid var blant artistane som imponerte alle i Sogndal kulturhus.

Foto: Christian Blom / NRK

NRK sin store Julelutt-konsert i Sogndal kulturhus blei vist på tv måndag kveld og hadde 429 000 sjåarar. Programmet går i reprise allereie på julekvelden.

Men her kan du sjå nokon av dei innslaga frå som ikkje blei vist på TV.

«Julehelsing frå Sogn» heiter TV-versjonen av NRK Julelutt, og samla mykje folk framfor TV-skjermane. Her kunne dei mellom anna sjå Tone Damli, Eva Weel Skram og ei rekkje andre artistar framføre vakker julemusikk.

Les også: Få Julelutt rett inn i stova di

Men ikkje alle innslaga fekk plass i TV-versjonen, og nedanfor kan du sjå nokre av dei. Mellom anna operaveteranen Knut Skram, som i sitt 77 år framleis kan kunsten med å trollbinde publikum.

1. Knut Skram, operasongar, busett i Oslo, men opphavleg frå Sogndal

Julelutt 2014: Knut Skram

2. Åshild Mundal, songar, busett på Stjørdal, opphavleg frå Hafslo

Åshild Mundal

3. Unni Løvlid, songar, busett i Oslo, opphavleg frå Hornindal / Erlend Apneseth, hardingfele, Jølster

Unni Løvlid syng lag med Erlend Apneseth og Eva Weel Skram

4. Laila Beathe Førde, song og saksofon, Bremanger:

Julelutt 2014: Laila Beathe Førde

5. Jonas Nyløy Navarsete m/ ungdomskoret Røyst, Sogndal:

Julelutt 2014: Jonas Nyløy Navarsete