Hopp til innhold

Sjå klassequizfinalen direkte!

Straks byrjar fylkesfinalen i klassequiz. Deltakarane er spente før start.

Onsdag 18. mars kan du følgje finalen i Klassequizen i Sogn og Fjordane.

FØLG FINALEN: Kven av finalistane stikk av med sigeren? Følg klassequizfinalen direkte!

Deltakarane i klassequizfinalen skal straks i elden. Dei er spente på kven av dei som står att som dei mest skarpskodde 10. klassingane i fylket.

klassequizgjengen 2015

Deltakarane er klare til dyst. Bak frå v. Linn Mari Nilsen, Marcus Vangberg, Sondre Vangberg og Stian Høvig. Framme frå v. Peder Skåden, Otelie Auflem Tenden, Rakel Rose Øvretveit, Synnøve Berstad og Hallvar Fauske Bygstad.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK
Klassequizlaget til Eid skule

Spente finalistar frå Eid skule, frå v. Sondre Vangberg, Stian Høvig og Synnøve Berstad.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Vi er klare. Eg og Stian håpar kanskje mest på sportsspørsmål, seier Sondre Vangberg.

Synnøve på si side har ei anna sterk side som ho håpar laget kan dra nytte av.

– Eg har ganske god kontroll på realfag, som matematikk og naturfag.

Ungdommane som møter til finalen har allereie prova at dei er godt skodde på kunnskap. Dei tre laga som stiller har kjempa seg framfor 28 andre lag frå Sogn og Fjordane for å kome i finalen.

Laget til Sande skule med reserve

Laget frå Sande skule er klare, frå v. Hallvar Fauske Bygstad, Jacob Søgnen (reserve) Linn Mari Nilsen og Rakel Rose Øvretveit.

– Alle laga i finale har jo fått like mange poeng, so vi stiller jo ganske likt, seier Linn-Mari Nilsen frå Sande skule.

No skal det heile avgjerast. klokka 14.10 settast det heile i gang.

Quizen blir streama direkte. Den kan du fylge her på nettsida.