Hopp til innhold

No har festivalen eigen musikkvideo

Eit heilt kobbel med små og store har vore involvert i innspelinga av musikkvideoen som onsdag kveld visast under Fjellsportfestivalen.

Onsdag kveld er det verdspremiere på musikkvideoen og studioversjonen av Fjellsportfestivalens sin eigen song, Dalasongen. Songen er komponert og forfatta av skikøyrar Torkjel Solbraa, som sjølv har vore i studio saman med vokalist Marianne Hagen og gitarist Tor Talle.

Fjellsportfestivalens eigen musikkvideo

Etter mykje venting og spenning er det onsdag kveld verdspremiere på musikkvideoen og studioversjonen av «Dalasongen», Fjellsportfestivalen sin eigen song og no også musikkvideo.

Songen er komponert og forfatta av skikøyrar Torkjel Solbraa, som sjølv har vore i studio saman med vokalist Marianne Hagen og gitarist Tor Talle. Det er sistnemnde som har stått for lydmiksen og leigd ut studio til innspelinga.

Alvor og humor

– Dalasongen er ein kommentar til utviklinga i Sogndalsdalen. Den tek opp diskusjonar, situasjonar og observasjonar lokale skikøyrarar har støta borti etter kvart som Sogndalsdalen har fått meir og meir besøk frå utanbygds skikøyrarar, seier Torkjel Solbraa.

Songen vert karakterisert som lettare moraliserande og noko alvortung, men med ein humoristisk snert.

– Utfordringane er heller små sett i ein global målestokk, men store nok når ein står midt oppi dei, smiler Solbraa.

Utfordringane han skildrar vert presentert i versa, medan løysingane på problema kjem i refrenget.

Tårer i augene

Det var under frivilligsamlinga hausten 2011 Torkjel Solbraa for første gong framførde Dalasongen, sitjande på ein krakk med akustisk gitar og si eiga røyst.

– Teksten trefte meg midt i hjarterota, og eg såg mange skijenter og -gutar med tårer i augekrokane. Det slo meg at denne songen fortente noko meir enn ei framføring for to hundre personar, seier Håvard Nesbø, som til dagleg er fotojournalist i Sogn Avis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kinesisk utfor i Sogndalsdalen (Fjellsportfestivalen)

FART OG MORO: Mange slike skientusisastar fekk fuktige auger då dei fekk høyre songen som no er blitt Fjellsportfestivalen sin eigen song og fått video til.

Foto: Fjellsportfestivalen

Nesbø lufta planane sine om ein produksjon for Solbraa og Bratt moro, og der var det full tenning.

I videoen til Dalasongen er det heile 27 personar inne som vokalistar, i tillegg til ei rekkje jenter og gutar med ski på beina.

Takksam og stolt

– Alle som vart spurde om å bidra stilte opp på rappen, ikkje eit nei frå nokon, fortel Nesbø.

Mesteparten av den om lag fem minuttar lange songen og videoen er gjort på dugnad.

– Me er både takksame og stolte over at så mange vil vera med og skapa noko slikt. Og så er me frykteleg imponert over resultatet, seier Odd-Eivind Holo, sjef for Fjellsportfestivalen.

Han hadde ikkje drøymt om at Fjellsportfestivalen skulle få sin eigen song med tilhøyrande video.

– Nei, men heldigvis er det andre som har draumar for oss, seier Odd-Eivind Holo.