Hopp til innhold

Her kan du stå og gå på ski i ferien

Ski på beina og appelsin i sekken er for mange noko av det kjekkaste med vinterferie. Her får du ei oversikt over kor du kan spenne på deg både bortover og nedoverski.

Barn og unge får leike seg på skiskulen som blir arrangert i Naustdal denne vinterferien.

KONKURRANSE: Leik og moro, og litt konkurranse, er det som pregar skiskulen som denne vinterferien blir arrangert i Naustdal.

Vinterferien er allereie godt i gang og fleire stader har folk allereie brukt dagane på å boltre seg i snøen. Over heile fylket er det fine forhold og opne skianlegg, både for dei som vil sette utfor alpinbakken eller dei som vil nyte kilometer på kilometer på langrennsski.

I fjellet er det skredfare, og sjølv om faregraden er nedjustert frå fire til tre, må du ikkje la deg lure. Ekspertar åtvarar og seier det er på dette farenivået at det skjer flest ulukker.

Under får du ei lita oversikt over kva skisenter som har ope denne veka og korleis forholda er rundt omkring.

Jølster Skisenter

Denne veka har dei ope mellom klokka 10.30 og 16.30 alle dagar, i tillegg til at dei har kveldsope mellom klokka 18 og 21 måndag til og med fredag.

Skisenteret melder om at dei tysdag opnar Kvamsheisen heilt til topps igjen, men ber skifolket vere obs på at det framleis er rasfare i bratte hellingar. I preppa løype er det trygt å vere, fortel dei.

Les meir Jølster Skisenter sine eigne heimesider her

Sunnfjord Skisenter, Blomlia

I vinterferieveka har dei ope kvar dag frå 11 til 17 på dagtid, og i tillegg lokkar dei med kveldsopne anlegg mellom 18 og 21. Unntaket er torsdag, då bakken er reservert for alpingruppa.

I Blomlia kan folk sette utfor i både familieløype og barnebakke, i tillegg til hovudbakken. Her er det også railpark, bigjump og langrennsløype.

Les meir på Sunnfjord Skisenter sine eigne heimesider

Hornindal Skisenter

Strålande sol og 40 centimeter med puddersnø på toppen var det skisenteret i Hornindal kunne lokke med tysdag. Onsdag er det meldt om like fine forhold og skisenteret har denne veka ope frå 10.30-16.30 kvar dag.

Folk som tek turen hit kan nyte godt av ein av dei lengste T-krok trekka i landet. Den nesten 1500 meter lange Hornindalsheisen tek skikøyrarane opp til to preparerte bakkar, og gir i tillegg moglegheit for å køyre i store område utanfor løypene.

Les meir på Hornindal Skisenter sine eigne sider her

(Artikkelen held fram under biletet)

Siplo Skisenter i Høyanger

KLARE: Siplo Skisenter har hatt trakkemaskin i sving tysdag kveld og vil ha ope frå onsdag av.

Siplo Skisenter i Høyanger

Tysdag kunne dei ikkje halde ope i bakken, fordi det hadde frose kraftig på. Men i løpet av tysdag kveld har dei hatt trakkemaskina i sving. No skal alt vere på stell, er meldinga frå skisenteret.

Det vil seie at dei vil halde ope heile ferien, frå onsdag av, i tidsrommet mellom klokka 11 og 15.30.

Forholda i langrennsspora skal vere tilnærma perfekte, lovar skisenteret. Her har dei ei mil med preparerte løyper, både fristil og klassisk stil.

Les meir om opningstider på skisenteret sine eigne heimesider

(Artikkelen held fram under biletet)

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet

OPE ALLE DAGAR: På Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet er det bakkar både for store og små, både nedover og bortover.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Utvikfjellet og Breimsbygda Skisenter

Her kan folk spenne på seg både langrennsski og alpinski og nyte godt av fleire forskjellige løyper både bortover og nedover.

I vinterferieveka har dei ope alle dagar mellom klokka 11 og 17. Skisenteret melder at det blir preparert langrennsløyper til Lysløypa, Fløtravarden og Snøfjellet.

Les meir på skisenteret sine eigne nettsider

Harpefossen Skisenter på Nordfjordeid

Denne veka har senteret ope frå klokka 10.30-16.30 alle dagar til og med laurdag 23. februar. Kveldskøyring er som vanleg.

På heimesidene sine melder dei om at dei trakka Botnaløypa frå toppen av Fjellheisen og utforløypa i går. Der kan det vere litt hardt tidleg på dagen, melder dei.

På Furuhogane starta dei trakkinga tysdag, og rekna med at det skulle bli flotte forhold der i løpet av dagen. Dei ber folk vere merksame på at det er noko is i enkelte parti i Høgebakkløypa frå Furuhogane ned til Fjellheisen.

– I langrennsløypene må vi avvente prepareringa etter at det har kome mykje vatn i traseen dei siste døgera, men vi vil trakke der så snart som forholda tillet det. Det skal likevel vere brukbart å gå dei fleste plassane, skriv dei på sine heimesider.

Les meir her

Sogn Skisenter på Hafslo

Har ope kvar dag mellom 10 til 16, og lokkar i tillegg med kveldskøyring frå klokka 18–21 på tysdagar og torsdagar fram til og med veke 9.

Senteret lokkar med fine forhold, og dersom du har lyst å prøve noko nytt kan du no få leige dei lokalt utvikla SGNskis. Skia er utvikla av fire unge skikøyrar frå Sogn og du kan velje mellom tre forskjellige lengder.

  • LES OGSÅ:

Til helga blir det arrangert meir NM i telemark i bakkane ved Sogn Skisenteret.

Les meir på senteret sine eigne nettsider her

(Artikkelen held fram under biletet)

Hodlekve Skisenter

TA OMSYN: Dei som skal ferdast utanfor preparerte løyper på Hodlekve skisenter i Sogndalsdalen blir bedne om å ta omsyn til både skredfare, og trafikken på riksveg 5.

Foto: Katrine Nybø

Sogndal Skisenter, Hodlekve

Har ope kvar dag mellom 10 og 16.

På skisenteret i Hodlekve førebur dei seg no til Fjellsportfestivalen, på torsdag brakar det nemleg laust med det som blir rekna om høgdepunktet for Sogndal skisenter.

På heimesidene sine ber skisenteret også om at folk tek omsyn til både skredfare og riksveg 5 når dei køyrer utanfor det preparerte løypenettet. – Spør kjentfolk, sjekk varslinga og gjer eigne vurderingar, er oppmodinga.

Les meir på Sogndal Skisenter sine eigne sider

Stryn Vinterski

Her har skisenteret ope kvar dag mellom 11 og 16 denne veka. Tysdag meldte dei om strålande fine forhold, med sol, og masse snø.

Dei åtvarar samtidig om at mykje nysnø og vind søndag og måndag har gitt ein del fokksnø og at det er betydeleg rasfare i fjellet. All ferdsel utanfor dei preparerte løypene er på eige ansvar, skriv dei på sine heimesider.

Tysdag ettermiddag gjekk det eit skred i toppen av skisenteret, men til alt hell var det ingen personar som vart tekne.

  • LES OGSÅ;

Les meir om Stryn Vinterski på deira eigne heimesider

Turløyper Stryn

Tysdag var det veldig fine forhold her, med knall blå himmel og sol. Dei har heldt på med preparering av løypene, men løypesjef Arvid Hatledal skal visstnok ha rynka på nasen. Årsaka er at det er mykje vatn som kjem inn på traseen fleire plassar, og at det er oppisa i fleire av stikkrenne.

Det blir meldt om at ein sleppe dette i Panoramaløype, men at det spesielt frå skisenteret og innover Svingesetøyane er fleire slike "ruskne" parti.

Les meir på deira eigne heimesider

Langeland skisenter

Driftsansvarleg Magne Øvrebø melder at dei hadde fine forhold tysdag, men at dei naturleg nok har hatt litt problem etter vêromslaget. Når det gjekk frå regn og plussgrader til minusgrader er det ikkje alltid like lett å få flotte løyper.

Han seier dei skal ha trakkemaskina i arbeid tysdag kveld og utover natta, og håpar at alt av løyper skal vere i bra stand til onsdag. Dette gjeld både langløypene og lysløypenettet.

langeland

FINE FORHOLD: På Langeland skisenter skal det vere fine forhold, og det blir jobba med å få preparert alt som er av løyper.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK