Denne helga var 230 ungdommar frå heile fylket samla i Nordfjordhallen i Vågsøy. Her fekk dei vise seg fram gjennom sceneinnslag og kunstverk, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.
NRK Sogn og Fjordane sende konsertane direkte, og no kan du sjå opptaka av konsertane litt lenger nede på sida. Det var medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som stod for TV-bileta.
Fredag 29. mars
- Konserten kl. 20 (her kan du sjå opptak av konserten)
Laurdag 30. mars
- Konserten kl. 15 (her kan du sjå opptak av konserten)
- Konserten kl. 18 (her kan du sjå opptak av konserten)
Søndag 31. mars
- Konserten kl. 13 (her kan du sjå opptak av konserten)
Eit fagpanel plukka ut kven som skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Stjørdal i juni.
På nettsida til UKM i Sogn og Fjordane finn du alt du treng å vite om festivalen.