På Hemsedalfjellet kan sola skine frå blå himmel, før den lunefulle vinden bles opp og snøfokket øydelegg for sikta. Der ventar Pål Svendsen i varebilen sin med bagasje som må over fjellet.
– Eg har venta i ein time og eit kvarter. Har ikkje høyrt noko om kor lenge eg må vente. Dette er ikkje bra. Eg håpte det skulle vere over til no, seier han.
Svendsen har ikkje førebudd seg på lang venting.
– Eg har kjøpt meg mat og kaffi. Det er det einaste, men med kaffi kjem ein langt.
To som prøvde seg over fjellet i går, men som måtte gi opp er Randi Skonseng og Anne Kari Ruud. Då måtte dei snu etter tre timar og overnatte i Hemsedal, men prøver på nytt i dag.
– Vi optimistiske. Det er berre ein bil framfor oss i køen, så då kjem vi oss med i kolonnen. Med oss har vi vatn og godt humør, seier Skonseng.
Her ser du status på fjellovergangane
Rv. 52 Hemsedalsfjellet og Ev. 16 over Filefjell er dei einaste delvis opne fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet no. Riksveg 7 over Hardangervidda blir ikkje opna att i dag.
– Nett no er fjellovergangane veldig prega av uvêret. E16 over Filefjell og rv. 52 Hemsedalsfjellet dei einaste moglegheitene til å kome seg over, men også der er det kolonnekøyring, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Hanne Norheim.
Ho ber dei som må over fjellet i dag om å rekne lenger tid enn vanleg, og oppmodar bilistar om å la bilen stå om dei kan.
– Dei må tenke på at det vil ta tid. Det er kolonnekøyring, ventetid og ruskevêr. Eventuelt vil eg tilrå dei å utsetje reisa med ein dag. Då er prognosane og vêrmeldingane betre, seier Norheim.
Slik er statusen på fjellovergangane i Sør-Norge:
- Ev 16 Filefjell, kolonnekøyring
- Rv 52 Hemsedal, kolonnekøyring
- Ev 134 Haukelifjell, stengd
- Rv 7 Hardangervidda, stengd, blir ikkje opna att i dag
- Rv 9 Hovden–Haukeli, kolonnekøyring
- Rv 13 Vikafjellet, stengd
- Rv 15 Strynefjellet, stengd grunna fare for uver og ras. Blir ikkje opna att i dag
- Fv 50 Hol–Aurland, stengd
- Fv 53 Tyin–Årdal, stengd