Hopp til innhold

Simon er komen til Italia

10 år gamle Simon og faren Fkade som onsdag morgon vart henta av politiet i Florø, er no på plass i Roma.

Simon og faren Fkadu Tshaye blir sende ut av landet att.

TUNG AVSKIL: Simin og faren Fkade tok farvel med Florø framfor eit stor pressekorps onsdag morgon.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

– Simon og faren overnatta på ei celle på Gardermoen i natt, før dei vart sette på flyet til Italia, fortel Kåre Leif Hollevik i støttegruppa for familien frå Eritrea.

Flaug frå Gardermoen torsdag morgon

Politiet følgde Simon (10) og Fkadu Tshaye til flyet.

PÅ FLYET: Her blir familien frå Eritrea følgt om bord på Oslo-flyet i Florø av to politifolk.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Klokka 09.15, før oska stogga all flytrafikk, tok far og son av frå Oslo lufthamn Gardermoen, eskortert av to tenestemenn frå Politiets Utlendingsenhet.

– Dei flaug via Københamn til Roma. Politieskorten må Simon og faren sjølve betale for, seier ein skuffa Hollevik til NRK Sogn og Fjordane.

Han hadde telefonisk kontakt med Fkade Thsaie i 15.30-tida torsdag ettermiddag.

Stod i kø i Roma

– Då stod dei i kø framfor immigrasjonskontoret på flyplassen i Roma.

Kva som skjer vidare veit ikkje Hollevik.

Hollevik

HELD KONTAKTEN: Kåre Leif Hollevik i støttegruppa vil halde jamleg kontakt med Simon og faren.

– Truleg skjer det same som sist, då vart dei utstyrt med kvar sin togbilett til Bari i Sør-Italia der dei er registrerte som flyktningar. Eg har liten tru på at dei får skikkeleg innkvartering, seier Hollevik.

Støttegruppa i Florø vil no avvente Utlendingsnemnda si handsaming av klagen på ut. I mens held dei fram innsamlinga av midlar til den vesle eritreiske flyktningfamilien.

Video Simon sendt ut av Norge