Hopp til innhold

Simon (9) vart sendt av garde

Sterke scener då eritreiske Simon måtte forlate vener og klassekameratar i Florø for å bli sendt ut av Norge.

Simon (9) vart sendt ut av Norge
Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

– Eg ville berre seie hadet til dåkke, sa ein gråtande Simon Fkadu på Florø-dialekt til klassekameratane sine ved Torvmyrane skule i går.

Det vart eit kjensleladd farvel for både guten og resten av klassen, med Firdaposten som vitne.

Sende til Italia

Etter eitt og eit halvt år i Florø var det over for Simon og faren (29). Etter å ha fått avslag på søknaden deira om opphald i Norge, blir dei sende tilbake til Italia, som var det første europeiske landet dei kom til etter å ha flykta frå Eritrea.

Sist dei var i Italia budde dei på ei søppeldynge. Utsendinga har vekt sterke kjensler i Florø, der Simon har knytt mange band.

- Ask gret lenge og sårt

- Dette er opprivande og vondt. Eg fekk ein telefon frå kona mi som fortalde at Simon var komen heim til oss for å ta farvel, etter å ha vore naboen vår i nesten eit år. Han har vore som ein bror for son min, Ask, og Ask har grete lenge og sårt, fortel Kåre Leif Hollevik, som skjerma sonen frå å møte Simon då han ville ta farvel fordi han var redd opplevinga ville bli for sterk.

Klagar på vedtaket


Advokaten til dei to kallar utsendinga inhuman, og vil jobbe vidare for at vedtaket skal bli endra.

Etter å ha teke farvel med resten av 3. klasse på skulen, tok politiet far og son med til Florø Lufthamn, der Firdaposten framleis var med.

- Eg fekk ikkje sagt farvel til Ask, sa Simon idet han vart slusa gjennom tryggleikskontrollen.