NRK Meny
Normal

Valsvik sikra årets første heimesiger

Gustav Valsvik sikra 2-1 for Sogndal, og dermed årets første heimesiger i kampen mot Start. Ein kamp der Sogndal dominerte frå første minutt.

Opdal Start

TETT KAMP: Sogndal har vore farleg frampå fleire gonger i løpet av kampen, men utan å få utteljing.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Sørlendingane kom til Sogndal alt laurdag morgon og vart observert vandrande i sentrumsparken gjennom helga.

Gustav Valsvik

JUBEL: Gustav Valsvik sikra 2-1 for Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Om det var for å sjå på eksamenslesande studiner med solbriller på, eller fordi dei måtte akklimatisere seg er uvisst. Men saken uansett er at Sogndal jamt over har hatt godt tak på Start på heimebane.

Og i kveld var det Sogndal som klarte brasene best. Gjennom heile kampen dominerte dei banespelet, men først etter at Start gjekk opp i leiinga etter ein tvilsam corner - skjedde det noko.

Først 1-1 ved Otoo - og så i siste speleminutt: Gustav Valsvik til 2-1 - og dermed årets første heimesiger for Sogndal!

Vi kjem attende med meir utover kvelden!

Laster innhold, vennligst vent..
Sogndal møter Start i eliteserien søndag kveld.

KLAR FOR START: AzaraKaradas og Tom Mangersnes om forventningane til kampen mot Start på Fosshaugane søndag kveld. Ein kamp Sogndal vann.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå